Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Salmane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 88 89 90 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100 101 102 103 104 105 106 107 108 109 110 111 112 113 114 115 116 117 118 119 120 121 122 123 124 125 126 127 128 129 130 131 132 133 134 135 136 137 138 139 140 141 142 143 144 145 146 147 148 149 150
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

TREDJE BOKA (Salme 73–89) 73
    Ein salme av Asaf.
        
          Sanneleg, Gud er god mot Israel,
          mot dei som er reine av hjartet.
          
   
 2 Men eg var nær ved å snubla,
          foten heldt på å gli ut.
          
   
 3 For eg var misunneleg på dei hovmodige,
          eg såg at det gjekk dei urettferdige vel.
          
   
 4 Dei er utan plager til sin død,
          magen er god og mett.
          
   
 5 Dei lid ikkje som andre menneske,
          dei blir ikkje plaga som andre folk.
          
   
 6 Difor er hovmod deira halskjede,
          dei er kledde i ei drakt av vald.
          
   
 7 Synda deira kjem av velstand,
          hjartans tankar fløymer over.
          
   
 8 Dei spottar, dei talar i vondskap,
          ovanfrå trugar dei med vald.
          
   
 9 Dei lyfter munnen mot himmelen,
          og tunga fer omkring på jorda.
          
   
10 Difor vender folk seg til dei
          og syg i seg deira ord.
          
   
11 Dei seier: «Korleis skulle Gud vita om det?
          Har Den høgste kjennskap til noko?»
          
   
12 Slik er dei urettferdige,
          støtt er dei trygge og aukar sin rikdom.
          
   
13 Fåfengt har eg halde hjartet reint
          og vaska hendene i uskuld.
          
   
14 For eg vart plaga heile dagen,
          tala til rette kvar morgon.
          
   
15 Hadde eg sagt: «Slik vil eg tala»,
          då hadde eg svike dine born.
          
   
16 Så tenkte eg etter, ville skjøna dette.
          Det var pinefullt å sjå,
          
   
17 heilt til eg gjekk inn i Guds heilagdom;
          då skjøna eg kva framtid dei får.
          
   
18 Ja, du fører dei ut på glatte vegar,
          du får dei til å falla og bli knuste.
          
   
19 Brått går dei til grunne,
          det er slutt, dei endar i redsle.
          
   
20 Dei er som ein draum når ein vaknar.
          Du foraktar synet av dei
          når du reiser deg, Herre.
          
   
21 Så lenge eg var beisk i hjartet
          og det stakk i nyrene,
          
   
22 var eg dum og visste ingen ting,
          som eit fe var eg mot deg.
          
   
23 Men eg blir alltid verande hos deg,
          du har gripe mi høgre hand.
          
   
24 Du leier meg med ditt råd,
          og sidan tek du imot meg i herlegdom.
          
   
25 Kven har eg elles i himmelen?
          Når eg er hos deg, har eg ikkje glede i noko på jorda.
          
   
26 Om kropp og hjarte forgår,
          er Gud for evig mitt hjartans berg og min del.
          
   
27 Dei som held seg borte frå deg, går til grunne,
          du gjer ende på alle som er utrue mot deg.
          
   
28 Men for meg er det godt å vera nær Gud.
          Eg har teke mi tilflukt til Herren Gud.
          Eg vil fortelja om alle dine gjerningar.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

20. mars 2023

Dagens bibelord

Johannes 8,48–59

Les i nettbibelen

48Da svarte jødene: «Har vi ikke rett når vi sier at du er en samaritan og har en ond ånd i deg?» 49«Jeg har ingen ond ånd i meg», sa Jesus, «men jeg ærer min Far, og dere viser meg forakt. 50Jeg søker ikke min egen ære. Men det er en som gjør det, og han dømmer. ... Vis hele teksten

48Da svarte jødene: «Har vi ikke rett når vi sier at du er en samaritan og har en ond ånd i deg?» 49«Jeg har ingen ond ånd i meg», sa Jesus, «men jeg ærer min Far, og dere viser meg forakt. 50Jeg søker ikke min egen ære. Men det er en som gjør det, og han dømmer. 51Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Den som holder fast på mitt ord, skal aldri i evighet se døden.» 52Jødene svarte: «Nå vet vi at du har en ond ånd i deg. Abraham og profetene døde, og du sier: Den som holder fast på mitt ord, skal aldri i evighet smake døden. 53Du er vel ikke større enn vår far Abraham? Både han og profetene er døde. Hvem gir du deg ut for å være?» 54Jesus svarte: «Hvis jeg ærer meg selv, er min ære ingenting verdt. Men det er min Far som gir meg ære, han som dere kaller deres Gud. 55Dere kjenner ham ikke, men jeg kjenner ham. Dersom jeg sa at jeg ikke kjente ham, var jeg en løgner, slik som dere. Men jeg kjenner ham og holder fast på hans ord. 56Deres far Abraham jublet over å skulle se min dag. Han fikk se den dagen og frydet seg.» 57«Du er ennå ikke femti år og har sett Abraham?» sa jødene. 58Jesus svarte: «Sannelig, sannelig, jeg sier dere: Før Abraham var, er jeg.» 59Da tok de opp steiner for å kaste på ham. Men Jesus skjulte seg for dem og forlot tempelplassen.

Dagens bibelord

Johannes 8,48–59

Les i nettbibelen

48Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier, at du er ein samaritan og har ei vond ånd i deg?» 49«Eg har inga vond ånd i meg», sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømmer. ... Vis hele teksten

48Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier, at du er ein samaritan og har ei vond ånd i deg?» 49«Eg har inga vond ånd i meg», sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg. 50Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømmer. 51Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.» 52Jødane svara: «No skjønar vi at du har ei vond ånd i deg. Abraham og profetane døydde, og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden. 53Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?» 54Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud. 55De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Om eg sa at eg ikkje kjenner han, var eg ein løgnar, slik som de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord. 56Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå den dagen og fryda seg.» 57«Du er enno ikkje femti år», sa jødane, «og så har du sett Abraham?» 58Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Før Abraham var, er eg.» 59Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen.

Dagens bibelord

Johannes 8,48–59

Les i nettbibelen

48Juvddálaččat dadje Jesusii: “Almma mii leat vuoigadis go dadjat ahte don leat samarialaš ja ahte dus lea bahás vuoigŋa?” 49Jesus vástidii: “Ii mus leat bahás vuoigŋa. Mun gudnejahtán Áhččán, ja dii badjelgeahččabehtet mu. ... Vis hele teksten

48Juvddálaččat dadje Jesusii: “Almma mii leat vuoigadis go dadjat ahte don leat samarialaš ja ahte dus lea bahás vuoigŋa?” 49Jesus vástidii: “Ii mus leat bahás vuoigŋa. Mun gudnejahtán Áhččán, ja dii badjelgeahččabehtet mu. 50In mun oza iežan gudni, muhto lea okta gii ohcá ja gii dubme. 51Duođaid, duođaid, mun cealkkán didjiide: Gii doallá mu sáni, dat ii goassege muosát jápmima.” 52Juvddálaččat dadje: “Dál mii diehtit ahte dus lea bahás vuoigŋa. Abraham lea jápmán, nu maiddái profehtat, ja don dajat: ‘Gii doallá mu sáni, dat ii goassege muosát jápmima.’ 53Dongo mahkáš leat stuorit go min áhčči Abraham? Abraham lea jápmán, ja jápmán leat maiddái profehtat. Geanin don dagat iežat?” 54Jesus vástidii: “Jos mun ieš gudnejahtán iežan, de mu gudni ii leat mange veara. Muhto mu gudnejahttá Áhčči, son gean dii lohkabehtet iežadet Ipmilin. 55Dii ehpet dovdda su, muhto mun dovddan su. Jos mun dajašin ahte in dovdda su, de mun livččen gielástalli nugo dii. Muhto mun dovddan su ja doalan su sáni. 56Din áhčči Abraham illudii go galggai beassat oaidnit mu beaivvi. Son oinnii dan ja illudii.” 57Juvddálaččat dadje sutnje: “Don it leat vihttalogi jagi boarisge ja leat mahkáš oaidnán Abrahama!” 58Jesus vástidii: “Duođaid, duođaid, mun cealkkán didjiide: Ovdal go Abraham riegádii – mun lean.” 59Dalle sii čoaggigohte geđggiid vai besset geađgádit su, muhto Jesus čiehkádii ja manai olggos tempelis.