Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
74Ein læresalme av Asaf. Gud, kvifor har du støytt oss bort for alltid? Kvifor flammar din vreide mot dei du gjeter? 2 Kom i hug flokken du vann deg i gammal tid, din eigen stamme som du fria ut, Sion-fjellet der du slo deg ned. 3 Gå opp til ruinen som ligg knust for alltid! I heilagdomen har fienden øydelagt alt. 4 Motstandarane brølte der du samlar ditt folk. Sine eigne hærmerke sette dei opp. 5 Det var som når ein lyfter øksar i tjukke skogen. 6 Slik slo dei sund alt det utskorne med øks og med brekkstong. 7 Dei sette eld på din heilagdom, dei vanhelga og reiv ned staden der namnet ditt bur. 8 Dei tenkte: «Vi underkuar dei alle saman!» Dei brende alle Guds samlingsstader i landet. 9 Vi ser ikkje våre eigne merke. Profetar finst ikkje lenger. Ingen hos oss veit kor lenge dette skal vara. 10 Kor lenge, Gud, skal fienden spotta? Skal motstandaren forakta ditt namn for alltid? 11 Kvifor held du høgre handa tilbake? Lyft handa frå fanget og gjer slutt på dette! 12 Men Gud, min konge frå gammal tid, du som gjer frelsesverk på jorda, 13 du kløyvde havet med di makt og krasa hovuda til uhyra i vatnet. 14 Du slo sund hovuda til Leviatan og gav han til føde for folket i ørkenen. 15 Du braut veg for kjelder og bekker, du tørka ut mektige elvar. 16 Din er dagen, og di er natta, du sette himmellysa og sola på plass. 17 Du fastsette alle grenser på jorda, sommar og vinter er det du som har skapt. 18 Hugs dette: Fienden spottar Herren, eit folk av dårar foraktar ditt namn. 19 Gjev ikkje turteldua di til villdyr, gløym aldri dine armingars liv! 20 Vend blikket mot di pakt! Landet er fullt av mørke stader der valden bur. 21 Lat ikkje den undertrykte gå bort med skam, lat dei fattige og hjelpelause prisa ditt namn! 22 Reis deg, Gud, og før di sak! Hugs at du blir spotta av dårar dagen lang. 23 Gløym ikkje ropet frå dine fiendar, larmen som alltid stig frå dei som står deg imot. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
09. juni 2023
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! ... Vis hele teksten
1Her begynner evangeliet om Jesus Kristus, Guds Sønn. 2Hos profeten Jesaja står det skrevet: Se, jeg sender min budbærer foran deg, han skal rydde veien for deg. 3En røst roper i ødemarken: Rydd Herrens vei, gjør hans stier rette! 4Slik sto døperen Johannes fram i ødemarken og forkynte en omvendelsesdåp som ga tilgivelse for syndene. 5Fra hele Judea og Jerusalem dro alle ut til ham. De bekjente syndene sine og ble døpt av ham i Jordanelven. 6Johannes gikk kledd i en kappe av kamelhår og hadde et lærbelte om livet, og han levde av gresshopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kommer en etter meg som er sterkere enn jeg, og jeg er ikke verdig til å bøye meg ned og løse sandalremmen hans. 8Jeg har døpt dere med vann, men han skal døpe dere med Den hellige ånd.»
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! ... Vis hele teksten
1Her byrjar evangeliet om Jesus Kristus, Guds Son. 2Hos profeten Jesaja står det skrive: Sjå, eg sender min bodberar føre deg, han skal rydda vegen for deg. 3Ei røyst ropar i øydemarka: Rydd Herrens veg, gjer stigane hans rette! 4Slik stod døyparen Johannes fram i øydemarka. Han forkynte ein omvendingsdåp som gav tilgjeving for syndene. 5Frå heile Judea og Jerusalem drog alle ut til han. Dei sanna syndene sine og vart døypte av han i Jordanelva. 6Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lêrbelte om livet, og han levde av grashopper og villhonning. 7Han forkynte: «Det kjem ein etter meg som er sterkare enn eg, og eg er ikkje verdig til å bøya meg ned og løysa sandalreima hans. 8Eg har døypt dykk med vatn, men han skal døypa dykk med Den heilage ande.»
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! ... Vis hele teksten
1Ná álgá Jesus Kristusa, Ipmila Bártni, evangelium. 2Profehta Jesaja girjái lea čállojuvvon: Mun vuolggahan iežan áirasa du ovdal, son ráhkada dutnje geainnu. 3Jietna čuorvu meahcis: Ráhkadehket Hearrái geainnu, njulgejehket su bálgáid! 4Johannes gásttašeaddji sárdnidii meahcis ahte olbmot galge dahkat jorgalusa ja gásttašuvvot suttuid ándagassii addojupmin 5Su lusa bohte ollu olbmot Jerusalemis ja miehtá Judea. Sii dovddastedje suttuideaset, ja Johannes gásttašii sin Jordaneanus. 6Johannesa gárvun lei kamelguolgabivttas ja alimiid birra náhkkeboagán, ja su borramuš lei rásselohkut ja meahccehonnet. 7Son sárdnidii: “Mu maŋŋil boahtá son guhte lea gievrrat go mun. Mun in leat dohkálaš čoavdit su gámagarccaidge. 8Mun lean gásttašan din čáziin, muhto son gásttaša din Bassi Vuoiŋŋain.”