Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
77Til korleiaren. Etter Jedutun. Av Asaf. Ein salme. 2 Eg ropar til Gud, eg skrik. Eg ropar til Gud, og han høyrer meg. 3 Den dagen eg er i naud, søkjer eg Herren. Om natta retter eg handa ut, ho trøytnar ikkje. Mi sjel lèt seg ikkje trøysta. 4 Eg tenkjer på Gud og sukkar, eg grublar, og mi ånd veiknar. 5 Du held auga mine opne, eg er uroleg, eg kan ikkje tala. 6 Eg tenkjer på gamle dagar, minnest framfarne år. 7 Om natta tenkjer eg på dette, hjartet grublar, ånda granskar. 8 Vil Herren støyta oss bort for alltid og ikkje lenger vera god mot oss? 9 Er hans miskunn slutt for evig, er ordet hans borte for alle slekter? 10 Har Gud gløymt å vera nådig, har han late att hjartet i vreide? 11 Eg seier: «Dette plagar meg: høgre handa til Den høgste er ikkje lenger den same.» 12 Eg minnest Herrens verk, minnest dine under frå gammal tid. 13 Eg grundar på alt du gjorde, og grublar over dine storverk. 14 Gud, i heilagdom går du fram. Kven er ein gud så stor som vår Gud? 15 Du er den Gud som gjer under, mellom folka lèt du di makt bli kjend. 16 Med sterk arm løyste du folket ditt ut, sønene til Jakob og Josef. 17 Vatnet såg deg, Gud, vatnet såg deg og skalv, det store djupet bivra. 18 Skyene auste ut vatn, det torna frå tunge skyer, pilene dine lynte att og fram. 19 Di torerøyst rulla i stormen, lyna lyste opp verda. Jorda riste og skalv. 20 Din veg gjekk gjennom sjøen, din stig gjennom veldige vatn. Ingen kjende dine fotspor. 21 Ved handa til Moses og Aron førte du folket ditt som ein flokk med sauer. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. ... Vis hele teksten
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. 26Hva vil det gagne et menneske om det vinner hele verden, men taper sin sjel? Eller hva skal et menneske gi som vederlag for sin sjel? 27For Menneskesønnen skal komme i sin Fars herlighet sammen med sine engler, og da skal han lønne hver og en etter det han har gjort.