Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
79Ein salme av Asaf. Gud, folka har trengt seg inn på din eigedom. Dei har gjort ditt heilage tempel ureint og lagt Jerusalem i røys. 2 Lika av tenarane dine har dei gjeve til føde for himmelens fuglar og kjøtet av dine trugne til villdyra på jorda. 3 Dei har aust ut blodet deira som vatn omkring Jerusalem, og det er ingen som gravlegg dei. 4 Vi har vorte til hån for grannane, til spott for dei som bur omkring oss. 5 Kor lenge, Herre? Vil du vera harm for alltid? Kor lenge skal din lidenskap brenna som eld? 6 Aus vreiden ut over folkeslag som ikkje kjenner deg, over kongerike som ikkje kallar på ditt namn. 7 For dei har slukt Jakob og lagt hans bustad i øyde. 8 Tilrekna oss ikkje gamle synder! Skund deg, lat di medkjensle møta oss! For vi er langt nede. 9 Hjelp oss, Gud, vår frelsar, så namnet ditt blir æra! Fri oss ut og tilgjev våre synder for ditt namn skuld. 10 Kvifor skal folka seia: «Kvar er deira Gud?» Lat våre auge sjå og folka kjenna at du hemnar blodet frå dine tenarar. 11 Lat sukket frå fangane nå deg; din arm er sterk, spar dei som skulle døy! 12 Herre, gjev grannane våre tilbake i fanget sju gonger den spotten dei rette mot deg. 13 Men vi er ditt folk, den flokken du gjeter. Vi vil lova deg til evig tid, lovprisa deg frå slekt til slekt. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
28. mars 2023
9Bryt ut i jubel, datter Sion! Rop av glede, datter Jerusalem! Se, din konge kommer til deg, rettferdig og rik på seier, fattig er han og rir på et esel, på en eselfole. ... Vis hele teksten
9Bryt ut i jubel, datter Sion! Rop av glede, datter Jerusalem! Se, din konge kommer til deg, rettferdig og rik på seier, fattig er han og rir på et esel, på en eselfole. 10Jeg skal gjøre ende på vognene i Efraim og hestene i Jerusalem, krigsbuen skal brytes i stykker. Han skal forkynne fred for folkeslagene, hans velde skal nå fra hav til hav, fra Storelven til jordens ender.
9Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole. ... Vis hele teksten
9Bryt ut i jubel, dotter Sion! Rop av glede, dotter Jerusalem! Sjå, kongen din kjem til deg, rettferdig og rik på siger, fattig er han og rid på eit esel, på ein eselfole. 10Eg vil rydda ut vognene i Efraim og hestane i Jerusalem, stridsbogen skal brytast sund. Han skal tala fred for folkeslaga, hans velde skal nå frå hav til hav, frå Storelva til endane av jorda.
9Čuorvvo ilus, nieida Sion, ávvut sakka, nieida Jerusalem! Geahča, du gonagas boahtá. Son lea vanhurskkis ja buktá bestojumi, son lea vuollegaš, son riide áseniin, nuorra ásenoriin. ... Vis hele teksten
9Čuorvvo ilus, nieida Sion, ávvut sakka, nieida Jerusalem! Geahča, du gonagas boahtá. Son lea vanhurskkis ja buktá bestojumi, son lea vuollegaš, son riide áseniin, nuorra ásenoriin. 10Son duššada soahtevovnnaid Efraimis ja heasttaid Jerusalemis, son doadjá soahtedávggiid. Son gulaha álbmogiidda ráfi, su váldi ollá mearas merrii, Eufrata rájes gitta máilmmi ravddaid rádjái.