Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
80Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme. 2 Lytt, du Israels gjetar, du som fører Josef lik ein flokk med sauer. Du som tronar over kjerubane, strål fram! 3 Vekk di kraft for Efraim, Benjamin og Manasse, kom oss til hjelp! 4 Gud, før oss tilbake, lat ditt andlet lysa så vi blir frelste! 5 Gud Herre Sebaot, kor lenge skal du svara folket si bøn med rykande vreide? 6 Tårebrød gjev du dei å eta, og tårer må dei drikka til overmål. 7 Du lèt grannane våre slåst om oss, fiendane spottar oss. 8 Gud Sebaot, før oss tilbake, lat ditt andlet lysa så vi blir frelste! 9 Ein vinstokk tok du frå Egypt, du dreiv folkeslag ut og planta han. 10 Du rydda plass for han så han slo rot og fylte landet. 11 Fjell vart dekte av skuggen, mektige sedrar av greinene. 12 Han strekte rankene ut til havet og renningane til Storelva. 13 Kvifor har du rive ned gjerdet rundt han så alle som går framom, kan plukka, 14 villsvin frå skogen kan gnaga og krypet på marka kan eta? 15 Vend attende, Gud Sebaot, skoda ned frå himmelen og sjå! Ta deg av denne vinstokken, 16 det du har planta med di høgre hand, sonen som du sjølv har gjeve styrke! 17 Treet er brent opp i elden, hogge av. Dei skal gå til grunne når du trugar. 18 Hald di hand over han som er ved di høgre side, over mennesket som du sjølv har gjeve styrke, 19 så vil vi aldri trekkja oss bort frå deg. Vekk oss til liv att, så vil vi kalla på ditt namn! 20 Gud Herre Sebaot, før oss tilbake, lat ditt andlet lysa så vi blir frelste! |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. ... Vis hele teksten
21Ikkje alle som seier til meg: ‘Herre, Herre!’ skal koma inn i himmelriket, men den som gjer det Far min i himmelen vil. 22Mange skal seia til meg på den dagen: ‘Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, drive ut vonde ånder i ditt namn og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?’ 23Då skal eg seia det beint ut: ‘Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!’ 24Den som høyrer desse orda mine og gjer det dei seier, liknar ein klok mann som bygde huset sitt på fjell. 25Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell. 26Men den som høyrer desse orda mine og ikkje gjer det dei seier, liknar ein uforstandig mann som bygde huset sitt på sand. 27Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.» 28Då Jesus hadde fullført denne talen, var folket fulle av undring over læra hans. 29For han lærte dei med myndig tale og ikkje som deira skriftlærde.