Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
86Ei bøn av David. Vend øyret til, Herre, svar meg, for eg er hjelpelaus og fattig! 2 Vakta meg, for eg er trugen. Frels din tenar, du min Gud, eg set mi lit til deg. 3 Ver meg nådig, Herre, eg ropar til deg heile dagen. 4 Gjer din tenar glad! Eg lyfter mi sjel til deg, Herre. 5 For du, Herre, er god, du tilgjev, du er rik på miskunn mot alle som kallar på deg. 6 Herre, vend ditt øyre til mi bøn, lyd etter når eg bed om nåde! 7 Den dagen eg er i naud, ropar eg til deg, for du vil svara meg. 8 Herre, mellom gudar er ingen som du, og ingen gjerningar er som dine. 9 Alle folk som du har skapt, skal koma og bøya seg for deg, Herre, og æra ditt namn. 10 For du er stor, og du gjer under. Einast du er Gud. 11 Herre, lær meg din veg så eg kan ferdast i di sanning! Gjev meg eit heilt hjarte, så eg fryktar ditt namn! 12 Eg vil prisa deg, Herre, min Gud, av heile mitt hjarte og evig æra ditt namn. 13 For di miskunn mot meg er stor, frå djupaste dødsriket har du berga meg. 14 Frekke menn har reist seg mot meg, Gud, ein flokk av valdsmenn står meg etter livet. Dei har ikkje deg for auga. 15 Men du, Herre, er ein mild og nådig Gud, sein til vreide, rik på miskunn og sanning. 16 Vend deg til meg og ver meg nådig. Gjev din tenar kraft frå deg, frels sonen til di tenestekvinne! 17 Gjev meg eit teikn som varslar godt. Lat dei som hatar meg, sjå det og bli til skamme! For du, Herre, hjelper og trøystar meg. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
02. juni 2023
6Mens de var sammen, spurte de ham: «Herre, er tiden nå kommet da du vil gjenreise riket for Israel?» 7Han svarte: «Det er ikke dere gitt å kjenne tider og stunder som Far har fastsatt av sin egen makt. ... Vis hele teksten
6Mens de var sammen, spurte de ham: «Herre, er tiden nå kommet da du vil gjenreise riket for Israel?» 7Han svarte: «Det er ikke dere gitt å kjenne tider og stunder som Far har fastsatt av sin egen makt. 8Men dere skal få kraft når Den hellige ånd kommer over dere, og dere skal være mine vitner i Jerusalem og hele Judea, i Samaria og helt til jordens ende.»
6Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?» 7Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. ... Vis hele teksten
6Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er tida komen då du vil reisa opp att riket for Israel?» 7Han svara: «Det er ikkje gjeve dykk å kjenna tider og stunder som Far har fastsett av si eiga makt. 8Men de skal få kraft når Den heilage ande kjem over dykk, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og heilt til enden av jorda.»
6Dalle dat geat ledje čoahkis, jerre sus: “Hearrá, leago dál boahtán dat áigi go don ráhkadat ođđasis Israela riikka?” 7Son vástidii: “Ii leat din ášši diehtit áiggiid iige bottuid maid Áhčči iežas válddiin lea mearridan. ... Vis hele teksten
6Dalle dat geat ledje čoahkis, jerre sus: “Hearrá, leago dál boahtán dat áigi go don ráhkadat ođđasis Israela riikka?” 7Son vástidii: “Ii leat din ášši diehtit áiggiid iige bottuid maid Áhčči iežas válddiin lea mearridan. 8Muhto dii oažžubehtet fámu go Bassi Vuoigŋa boahtá didjiide, ja dii lehpet mu duođašteaddjit Jerusalemis, oppa Judeas ja Samarias ja gitta eatnama ravddaid rádjái.”