Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
88Ein song. Ein salme av Korah-songarane. Til korleiaren. Etter «Mahalat leannot». Ein læresalme av esrahitten Heman. 2 Herre, du Gud som frelser meg, eg ropar til deg dag og natt. 3 Lat mi bøn nå fram til deg, vend øyret til mitt rop! 4 Mitt liv er fylt av ulukker, eg står ved dødsrikets rand. 5 Eg blir rekna til dei som har gått i grav, eg er som ein mann utan kraft. 6 Eg er forlaten mellom dei døde, lik falne som ligg i grav. Du kjem dei ikkje lenger i hug, dei er støytte bort frå di hand. 7 Du har lagt meg i hòla der nede, i det mørke djupet. 8 Din harme kviler tungt på meg, du lèt dine brotsjøar slå over meg. 9 Du har drive venene mine bort og fylt dei med avsky for meg. Eg er stengd inne, eg kjem ikkje ut, 10 auget veiknar i mi naud. Herre, eg ropar til deg kvar dag, eg retter hendene ut mot deg. 11 Gjer du under for dei døde, står daudingar opp og prisar deg? 12 Fortel dei om di miskunn i grava, om din truskap i avgrunnen? 13 Blir dine under kjende i mørkret, di rettferd i det gløymde landet? 14 Eg ropar til deg, Herre, kvar morgon kjem mi bøn fram for deg. 15 Kvifor støyter du meg bort, Herre, kvifor løyner du andletet for meg? 16 Frå ungdomen av har eg vore hjelpelaus, ja, døden nær. Du fyller meg med redsle, eg er rådvill. 17 Din harme slår over meg, dine redsler gjer ende på meg. 18 Dei er omkring meg som vatn heile dagen, alle saman omringar meg. 19 Du har drive vener og frendar bort frå meg, mine kjenningar er borte i mørkret. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. ... Vis hele teksten
24Deretter sa Jesus til disiplene: «Om noen vil følge etter meg, må han fornekte seg selv og ta sitt kors opp og følge meg. 25For den som vil berge sitt liv, skal miste det. Men den som mister sitt liv for min skyld, skal finne det. 26Hva vil det gagne et menneske om det vinner hele verden, men taper sin sjel? Eller hva skal et menneske gi som vederlag for sin sjel? 27For Menneskesønnen skal komme i sin Fars herlighet sammen med sine engler, og da skal han lønne hver og en etter det han har gjort.