Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
96Syng for Herren, syng ein ny song. Syng for Herren, all jorda! 2 Syng for Herren, velsign hans namn. Forkynn hans frelse frå dag til dag! 3 Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom, mellom alle folk om hans under! 4 For Herren er stor og verdig lov og pris, verd å frykta meir enn alle gudar. 5 Alle gudane til folka er avgudar. Det var Herren som skapte himmelen. 6 Høgd og herlegdom er framfor han, makt og glans i hans heilagdom. 7 Gjev Herren ære, de folk og slekter, gjev Herren ære og makt! 8 Gjev Herren den ære hans namn skal ha. Kom til hans føregardar med gåver! 9 Bøy dykk for Herren i heilag prakt. Skjelv for han, all jorda! 10 Forkynn blant folka: Herren er konge, verda står fast, ho kan ikkje rokkast! Han dømmer folka med rettferd. 11 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla, havet og alt som fyller det, skal brusa, 12 marka skal jubla med alt ho ber; då ropar kvart tre i skogen av fryd 13 for Herrens andlet. For han kjem, han kjem for å dømma jorda. Han skal dømma verda med rettferd og folka med truskap. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
27. mars 2023
19Men Maria tok vare på alt som ble sagt, og grunnet på det i sitt hjerte.
19Men Maria tok vare på alt som ble sagt, og grunnet på det i sitt hjerte.
19Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det.
19Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det.
19Muhto Maria vurkii váibmosis buot mii lei dáhpáhuvvan, ja guorahalai dan.
19Muhto Maria vurkii váibmosis buot mii lei dáhpáhuvvan, ja guorahalai dan.