Gå til forsiden

Salmane

109 

1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.


Eg lovsyng deg, Gud, tei ikkje!

2 For lovlause og svikefulle opnar sin munn mot meg.

Dei talar til meg med løgn på tunga,

3 omringar meg med hatefulle ord

og strider mot meg utan grunn.


4 Elskar eg, svarar dei med klagemål.

Likevel bed eg.

5 Dei gjev meg vondt for godt,

hat for kjærleik.


6 Send ein lovlaus mot han,

lat ein klagar stå fram ved hans høgre side!

7 Lat han gå domfelt frå retten,

lat hans bøn bli halden for synd!


8 Lat hans dagar bli få

og ein annan overta hans oppdrag!

9 Lat borna hans bli farlause,

kona hans bli enkje!


10 Lat borna flakka omkring og tigga,

gå tiggargang frå øydelagd heim.

11 Lat ein långjevar ta alt han eig,

framande plyndra frukta av hans strev.


12 Lat ingen visa han miskunn

eller visa nåde mot hans farlause born.

13 Lat etterkomarane hans bli utrydda

og namna strokne i neste slektsledd.


14 Måtte Herren minnast hans fedrars skuld,

synda til mor hans må ikkje strykast ut.

15 Måtte Herren alltid ha dei for auga

og utrydda minnet om dei frå jorda.

16 For han tenkte aldri på å visa miskunn,

men jaga dei hjelpelause, fattige og motlause

for å drepa dei.


17 Han elska å forbanna,

lat forbanning koma over han!

Han ville ikkje velsigna,

lat velsigning flykta frå han!

18 Han kledde seg i forbanning som kappe.

Lat henne trengja inn i han som vatn,

inn i knoklane som olje.

19 Lat henne bli som kleda han tek på,

som eit belte han alltid ber!


20 Lat dette vera Herrens løn

til dei som klagar meg

og talar vondt om meg.

21 Du, Gud Herre,

gjer slik med meg for ditt namn skuld.

Di miskunn er god, berg meg!


22 For eg er hjelpelaus og fattig,

hjartet mitt er såra.

23 Eg kverv som skuggane når dei blir lange mot kveld;

eg blir rist av som ei grashoppe.

24 Knea sviktar fordi eg fastar,

eg blir mager, det er ikkje feitt på kroppen.

25 Eg har vorte til spott,

dei rister på hovudet når dei ser meg.


26 Hjelp meg, Herre, min Gud,

frels meg i di miskunn

27 så dei forstår at det kjem frå di hand,

at du har gjort dette, Herre!


28 Dei forbannar, men du velsignar.

Dei reiser seg, men blir til skamme.

Din tenar skal gleda seg.

29 Lat dei som klagar meg, kle seg i vanære

og sveipa seg i skam som i ei kappe!


30 Eg vil prisa Herren med høg røyst,

midt blant dei mange vil eg lovsyngja han.

31 For han står ved den fattiges høgre side

og hjelper han mot dei som dømmer.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.