Gi hjerteStøtt nettbibelen
Gå til forsiden

Salmane

137 

1 Ved elvane i Babel sat vi og gret

når vi tenkte på Sion.

2 Vi hengde lyrene

opp i piletrea.

3 Dei som tok oss til fange, bad oss om song,

dei som bortførte oss, bad om glede:

«Syng ein av Sions songar for oss!»


4 Korleis kan vi syngja Herrens songar

på framand jord?

5 Gløymer eg deg, Jerusalem,

så lat mi høgre hand bli gløymd!

6 Lat tunga klistra seg til ganen

om eg ikkje tenkjer på deg,

om eg ikkje set Jerusalem

høgare enn mi største glede!


7  Herre, hugs Jerusalems dag

då Edoms søner sa:

«Riv ned! Riv ned til grunnen!»

8 Du dotter Babel som er herja,

sæl er den som gjev deg att

for det du gjorde mot oss.

9 Sæl er den som grip dine born

og knuser dei mot berget!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.