1 Halleluja!
Lovsyng Gud i hans heilagdom!
Lov han i hans mektige himmelkvelv.
2 Lov han for hans storverk.
Lov han for hans store velde.
3 Lov han med gjallande horn.
Lov han med harpe og lyre.
4 Lov han med trommer og dans.
Lov han med strengespel og fløyte.
5 Lov han til tonande symbalar.
Lov han med ljomande symbalar!
6 Alt som har ande, skal lova Herren.
Halleluja!