Gå til forsiden

Salmane

16 

1 Ein miktam. Av David.


Vern meg, Gud, for eg søkjer tilflukt hos deg.

2 Eg seier til Herren: «Du er min Herre,

alt godt har eg i deg.»


Usle er dei 3 ein held for heilage i landet.

Desse veldige vil eg ikkje vita av.

4 Dei som spring etter andre gudar,

vil få mange plager.

Eg vil ikkje renna ut blodoffer for dei

og ikkje ha deira namn på mine lepper.


5  Herre, du er min del og mitt beger.

Du held min lut i dine hender.

6 Fruktbar jord vart målt opp til meg,

ein herleg eigedom vart min.


7 Eg velsignar Herren, som leier meg,

jamvel om natta får eg råd frå mitt indre.

8 Alltid har eg Herren framfor meg.

Han er ved mi høgre side,

eg skal ikkje vakla.


9 Difor er det glede i mitt hjarte, og mitt inste jublar,

jamvel kroppen kan slå seg til ro.

10 Du gjev ikkje mi sjel over til dødsriket,

du lèt ikkje din trufaste tenar sjå grava.


11 Du lærer meg livsens veg,

hos deg er glede i overflod,

fagnad utan ende ved di høgre hand.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.