Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

30 

1 Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David.


2 Eg opphøgjer deg, Herre,

for du drog meg opp,

du lét ikkje fienden fryda seg over meg.

3  Herre, min Gud, eg ropa til deg,

og du lækte meg.

4  Herre, du førte mi sjel opp frå dødsriket,

du gav meg liv på nytt då eg var i grava.


5 Spel for Herren, de hans trugne,

pris hans heilage namn!

6 Ein augneblink varer hans vreide,

heile livet varer hans nåde.

Om kvelden kjem gråt som gjest,

om morgonen blir det gledesong.


7 Eg kjende meg trygg og sa:

«Aldri skal eg vakla!»

8  Herre, i din velvilje

sette du meg på fast fjell;

men så løynde du ditt andlet,

eg vart gripen av redsle.


9 Til deg, Herre, ropa eg,

eg bad til Herren om nåde:

10 «Kva tener det til at blodet renn,

at eg går i grav?

Kan vel støvet prisa deg?

Kan det forkynna din truskap?

11 Høyr meg, Herre,

ver meg nådig!

Herre, ver mi hjelp!»


12 Du vende mi dødsklage til dans,

du tok sekkestrien av meg

og kledde meg i glede.

13 Difor syng eg din pris og er ikkje stille.

Herre, min Gud, eg vil alltid prisa deg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.