Gå til forsiden

Salmane

33 

1 Rop av fryd for Herren,

de rettferdige!

Det er rett at dei rettskafne

syng lovsong.

2 Pris Herren til lyre,

spel for han på tistrengja harpe!

3 Syng ein ny song for han,

spel vakkert og rop med jubel!


4 For Herrens ord er sant,

alt han gjer, kan ein lita på.

5 Han elskar rettferd og rett,

jorda er full av Herrens miskunn.

6 Ved Herrens ord vart himmelen skapt,

heile himmelhæren ved pusten frå hans munn.

7 Han samla havvatnet som i eit kar,

la havsens djup i forråd.


8 Heile verda må frykta Herren,

alle som bur på jorda, må skjelva for han.

9 Han tala, og det skjedde,

han baud, og det stod der.

10  Herren skiplar rådet folka legg,

bryt planane folkeslag tenkjer ut.

11  Herrens råd står fast for alltid,

hans hjartans planar frå slekt til slekt.


12 Sælt er det folk som har Herren til Gud,

det folk han har valt til sin eigedom!

13  Herren skodar ned frå himmelen,

han ser alle menneske.

14 Frå sin bustad ser han ned

på alle som bur på jorda.

15 Han har forma deira hjarte,

alle deira gjerningar kjenner han.


16 Kongen blir ikkje redda av stor styrke,

stridsmannen blir ikkje berga av stor kraft.

17 Hesten gjev falske voner om hjelp,

med sin store styrke bergar han ingen.

18 Men Herrens auge kviler på dei

som fryktar han og ventar på hans miskunn,

19 så han kan fria dei frå døden

og halda dei i live gjennom hungersnaud.


20 Vår sjel ventar Herren;

han er vår hjelp og vårt skjold.

21 Vårt hjarte gleder seg i han,

vi set vår lit til hans heilage namn.

22 Lat di miskunn vera over oss, Herre!

Det er deg vi ventar på.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.