Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

39 

1 Til korleiaren. For Jedutun. Ein salme av David.


2 Eg sa: «Eg vil vakta min veg

så eg ikkje syndar med tunga,

eg vil setja munnkorg på meg sjølv

så lenge lovlause står framfor meg.»

3 Eg vart mållaus og still,

eg tagde til inga nytte.

Mi smerte vart verre.


4 Hjartet brann inni meg,

elden flamma opp medan eg stønna.

Eg sa med mi tunge:

5 « Herre, lær meg at eg skal døy,

kor få og tilmålte mine dagar er,

så eg kan skjøna at mitt liv tek slutt.»


6 Sjå, ei handfull levedagar har du gjeve meg,

mi levetid er som ingenting for deg,

kvart menneske er eit pust. Sela

7 Som skuggebilete går dei omkring.

Fåfengt uroar dei seg.

Dei samlar i hop, men veit ikkje kven som skal ha det.


8 Men no, Herre, kva skal eg venta på?

Berre til deg står mi von.

9 Fri meg frå alle mine synder!

Gjer meg ikkje til spott for dårar!

10 Eg teier. Eg lèt ikkje opp munnen,

for dette er ditt verk.


11 Ta bort den plaga du la på meg!

Eg går til grunne når du slår med di hand.

12 Du refsar og straffar ein mann for hans synd,

som møllen ét du det han har kjært.

Mennesket er eit pust. Sela


13  Herre, høyr mi bøn og lytt til mitt rop,

ver ikkje døv når eg græt!

For eg er ein heimlaus hos deg,

ein framand som alle mine fedrar.

14 Vend blikket ifrå meg. Så lyser eg opp

før eg går bort og ikkje er meir.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.