Gå til forsiden

Salmane

44 

1 Til korleiaren. Av Korah-songarane. Ein læresalme.


2 Gud, vi har høyrt det med eigne øyre,

våre fedrar har fortalt oss

om gjerninga du gjorde i deira tid,

i gamle dagar.

3 Med di hand dreiv du folkeslag ut,

men du planta våre fedrar;

du fór ille med folka,

men lét våre fedrar fara fritt.

4 Dei tok ikkje landet ved sverd.

Deira eigen arm gav ingen siger,

det var di høgre hand og din arm

og lyset frå ditt andlet,

for du hadde dei kjær.


5 Berre du er min konge og Gud,

som byd at Jakob skal bergast.

6 Ved deg støyter vi fienden ned,

ved ditt namn trakkar vi på dei som står oss imot.

7 For eg set ikkje mi lit til bogen,

det er ikkje sverdet som bergar meg.

8 Nei, du har frelst oss frå fienden,

dei som hatar oss, gjorde du til skamme.

9 Vi frydar oss alltid i Gud,

vi prisar ditt namn til evig tid. Sela


10 Likevel har du støytt oss bort og ført skam over oss,

du drog ikkje ut med våre hærar.

11 Du lét oss vika tilbake for fienden,

dei som hata oss, rana til seg hærfang.

12 Du har gjort oss til slaktefe

og spreidd oss mellom folka.

13 Du har selt ditt folk til spottpris,

du tok ikkje stor betaling.


14 Du har gjort oss til spott for våre grannar,

til hån for dei som bur ikring oss.

15 Du har gjort oss til eit ordtak mellom folka,

du lèt folkeslag rista på hovudet av oss.

16 Dagen lang er mi vanære framfor meg,

andletet er dekt av skam

17 under ropa frå dei som håner og spottar,

ved synet av fienden og hemnaren.


18 Alt dette har kome over oss

endå vi ikkje har gløymt deg

og ikkje svike di pakt.

19 Vårt hjarte har ikkje vendt seg bort,

våre steg har ikkje bøygd av frå din veg.

20 Likevel har du knust oss der sjakalar bur,

og lagt dødsskuggen over oss.

21 Om vi gløymde vår Guds namn

og lyfte våre hender til ein framand gud,

22 så ville vel Gud ha funne det ut,

han som kjenner dei løynde tankane i hjartet?

23 Men for di skuld blir vi drepne dagen lang,

vi blir rekna som slaktesauer.


24 Reis deg! Kvifor søv du, Herre?

Vakna, støyt oss ikkje bort for alltid!

25 Kvifor løyner du ditt andlet,

kvifor gløymer du vår naud og trengsle?

26 Vi søkk ned i støvet,

vi ligg pressa mot jorda.

27 Reis deg og hjelp oss,

fri oss ut i di miskunn!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.