Gå til forsiden

Salmane

51 

1 Til korleiaren. Ein salme av David, 2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hos Batseba.


3 Ver meg nådig, Gud, i din kjærleik,

stryk ut mitt brot i di store miskunn!

4 Vask meg rein for skuld

og reins meg for mi synd!


5 For mine brot kjenner eg,

mi synd står alltid for meg.

6 Mot deg åleine har eg synda,

det som er vondt i dine auge, har eg gjort.


Difor har du rett når du talar,

du er rein når du feller dom.

7 Ja, med skuld vart eg fødd,

med synd vart eg til i mors liv.


8 Sjå, du gler deg over sanning i mitt indre,

du lærer meg visdom i det løynde.

9 Ta bort mi synd med isop, så eg blir rein,

vask meg, så eg blir kvitare enn snø.

10 Lat meg få oppleva fryd og glede,

lat beina du knuste, få jubla.


11 Løyn ditt andlet for mine synder,

stryk ut all mi skuld!

12 Gud, skap i meg eit reint hjarte,

gjev meg ei ny og stødig ånd!

13 Driv meg ikkje bort frå ditt andlet,

ta ikkje frå meg din heilage Ande!

14 Gjev meg atter gleda over di frelse,

hald meg oppe med ei villig ånd!

15 Eg vil læra brotsmenn dine vegar,

syndarar skal venda om til deg.


16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,

du Gud som er mi frelse!

Så skal tunga mi jubla over di rettferd.

17 Herre, lat opp mine lepper

så min munn kan lovprisa deg.

18 For du har ikkje glede i slaktoffer;

mitt brennoffer bryr du deg ikkje om.

19 Offer for Gud er ei sundbroten ånd.

Gud, du foraktar ikkje eit sundbrote og knust hjarte.


20 Gjer vel mot Sion i din nåde,

bygg Jerusalems murar!

21 Då skal du ha glede i rette offer,

brennoffer og heiloffer.

Då skal dei ofra oksar på ditt altar.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.