Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

52 

1 Til korleiaren. Ein læresalme. Av David, 2 då edomitten Doeg kom og fortalde Saul at David hadde teke inn i Ahimeleks hus.


3 Du mektige, kvifor skryter du av det vonde?

Guds miskunn varer dagen lang.

4 Du legg planar som er til skade.

Tunga er lik ein kvass kniv.

Ho fer med svik.


5 Du elskar vondt meir enn godt,

løgna meir enn sanne ord. Sela

6 Du elskar kvart ord som gjer skade,

du svikefulle tunge.


7 Difor skal Gud slå deg ned for alltid,

ta deg og riva deg ut av ditt telt.

Han skal rykkja deg opp med rot,

bort frå landet til dei levande. Sela


8 Dei rettferdige skal sjå det og frykta,

dei skal le av han:

9 «Sjå på han. Han gjorde ikkje Gud til sitt vern,

men sette si lit til sin store rikdom

og brukte sin styrke til å skada.»


10 Men eg er som eit oliventre,

grønt og frodig i Guds hus.

Eg set mi lit til Guds miskunn, til evig tid.


11 Eg vil alltid prisa deg fordi du greip inn.

Med dine trugne set eg mi von til ditt namn,

for det er godt.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.