Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

53 

1 Til korleiaren. Etter «Mahalat». Ein læresalme. Av David.


2 Dårane seier i hjartet: «Det finst ingen Gud.»

Vond og avskyeleg er deira urett,

det finst ingen som gjer det gode.


3 Frå himmelen ser Gud ned til menneska

for å sjå om det finst nokon som er vis,

nokon som søkjer Gud.


4 Alle har trekt seg unna,

alle som ein er forderva.

Det finst ingen som gjer det gode,

ikkje ein einaste.


5 Skjønar dei då ingen ting,

dei som gjer urett?

Dei et opp folket mitt som om dei et brød,

og kallar ikkje på Gud.


6 Då skal dei råkast av redsle,

dei som aldri var redde.

For Gud skal strø ut beina

av dei som slår leir mot deg.

Dei blir til skamme,

for Gud har vraka dei.


7 Måtte frelse koma til Israel frå Sion!

Når Gud vender lagnaden for sitt folk,

skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.