Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

55 

1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David.


2 Vend øyret til mi bøn, Gud,

løyn deg ikkje når eg bed.

3 Lytt til meg og gjev meg svar!

Eg er kvilelaus i mi sut.

Eg er ute av meg, 4 for fienden ropar,

dei lovlause trykkjer meg ned.

Dei velter urett over meg,

rasande går dei mot meg.


5 Hjartet vrid seg i meg,

eg er gripen av dødsangst.

6 Eg skjelv av frykt,

eg er overvelda av redsle.


7 Eg sa: Hadde eg berre venger som dua!

Då flaug eg bort og fann meg ein bustad.

8 Langt av garde ville eg rømma,

i ørkenen ville eg slå meg ned. Sela


9 Eg ville skunda meg i ly

for rasande vind og storm.

10  Herre, forvirr dei og kløyv deira tungemål!

For eg ser vald og strid i byen.

11 Dag og natt går dei ikring på bymuren.

Innanfor er ugjerning og urett.

12 Øydelegging rår der inne,

svik og vald vik ikkje frå torget.


13 Var det ein fiende som spotta meg,

kunne eg bera det.

Var det ein uven som såg ned på meg,

ville eg gøyma meg for han.


14 Men det er du, min like,

min gode ven og kjenning,

15 vi som tala fortruleg saman

og gjekk i festtog i Guds hus.


16 Lat døden koma over dei,

lat dei fara til dødsriket midt i livet!

For dei har vondskap i heim og hug.


17 Men eg vil ropa til Gud,

og Herren skal frelsa meg.

18 Kveld og morgon og midt på dagen

klagar og sukkar eg,

og han skal høyra ropet mitt.

19 Han skal fria meg frå strid og gje meg fred,

endå mange går mot meg.

20 Gud skal høyra og audmjuka dei,

han som tronar frå eldgammal tid. Sela

For dei forandrar seg ikkje,

dei fryktar ikkje Gud.


21 Fienden legg hand på sine vener,

han bryt si pakt.

22 Hans tale er glattare enn smør,

men han har strid i sinne.

Hans ord er mjukare enn olje,

men dei er dregne sverd.


23 Kast di bør på Herren,

han vil sørgja for deg!

Han lèt aldri den rettferdige vakla.


24 Men du er Gud.

Støyt dei ned i den djupe grava!

Drapsmenn og svikarar når ikkje halve si levetid.

Men eg set mi lit til deg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.