Gå til forsiden

Salmane

59 

1 Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam. Av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset for å drepa han.


2 Gud, fri meg frå fiendar,

vern meg mot dei som reiser seg mot meg!

3 Fri meg frå dei som gjer urett,

frels meg frå drapsmenn!


4 No ligg dei og lurer på meg.

Dei sterke kastar seg over meg,

men brot eller synder har eg ikkje gjort, Herre.

5 Eg er utan skuld,

men dei spring fram og stiller opp til strid.

Vakna, kom til meg og sjå!

6 Gud, Herre Sebaot, du er Israels Gud.

Vakna og hald rekneskap med alle folk,

ver ikkje nådig mot dei som fer med urett og svik! Sela


7 Dei kjem att kvar kveld,

dei hyler som hundar

og går rundt i byen.

8 Høyr, dei lèt munnen renna over,

leppene er som sverd.

Er det nokon som høyrer?


9 Men du, Herre, ler av dei,

du håner alle folkeslag.

10 Min styrke, eg ser etter deg,

for Gud er mitt vern.

11 Min Gud møter meg med miskunn,

han lèt meg sjå ned på mine fiendar.

12 Drep dei ikkje, for då gløymer folket.

Styrt dei med makt

så dei må flakka omkring, Herre, vårt skjold!


13 Orda dei har på leppene,

er synd frå deira munn.

Lat dei fangast i sitt hovmod!

Dei talar forbanning og løgn.

14 Gjer ende på dei i din harme,

gjer ende på dei, så dei ikkje meir er til.

Så skal dei skjøna

at det er Gud som rår i Jakob,

heilt til endane av jorda. Sela


15 Dei kjem att kvar kveld,

dei hyler som hundar

og går rundt i byen.

16 Dei flakkar om etter mat,

dei knurrar om dei ikkje blir mette.


17 Men eg vil syngja om di makt

og jubla kvar morgon over di miskunn.

For du har vorte mitt vern,

ei tilflukt den dagen eg er i naud.


18 Min styrke, eg vil syngja for deg,

for Gud er mitt vern,

min Gud som viser miskunn.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.