Gå til forsiden

Salmane

67 

1 Til korleiaren. Til strengespel. Ein salme. Ein song.


2 Gud vere oss nådig og velsigne oss,

Gud la sitt andlet lysa for oss! Sela

3 Då skal din veg bli kjend på jorda,

di frelse mellom alle folkeslag.

4 Folka skal prisa deg, Gud,

alle folk skal prisa deg!


5 Lat folkeslag gleda seg og jubla,

for du dømmer folka med rettferd

og leier folkeslaga på jorda. Sela

6 Folka skal prisa deg, Gud,

alle folk skal prisa deg!


7 Jorda har gjeve si grøde.

Gud, vår Gud velsignar oss.

8 Gud skal velsigna oss!

Heile jorda skal frykta han!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.