Gå til forsiden

Salmane

68 

1 Til korleiaren. Av David. Ein salme. Ein song.


2 Gud skal reisa seg, hans fiendar bli spreidde,

dei som hatar han, skal rømma for han.

3 Slik røyk driv bort, skal du driva dei bort.

Slik voks må smelta for elden,

går dei urettferdige til grunne for Gud.

4 Men dei rettferdige skal gleda seg,

fryda seg for Guds andlet og jubla av glede.


5 Syng for Gud! Lovsyng hans namn!

Rydd veg for han som rid gjennom øydemark!

Herren er hans namn. Jubla for han!

6 Gud i sin heilage bustad

er far for farlause, forsvarar for enkjer.

7 Gud lèt einsame finna ein heim,

han fører fangar ut til lukke og trivsel,

men opprørarar må bu i eit audt og avsvidd land.


8 Gud, då du drog ut framfor folket ditt,

då du skreid fram gjennom ørkenen, Sela

9 då skalv jorda, og det draup frå himmelen

for Gud, Sinais Gud, Israels Gud.

10 Du lét regnet strøyma, Gud,

ditt utarma land gav du styrke.

11 Der fekk flokken din slå seg ned.

Gud, du sørgde for dei hjelpelause, for du er god.


12 Herren sender ut eit ord,

stor er skaren av kvinner som kjem med gledebod:

13 «Kongar over hærar flyktar, dei flyktar!

Kvinnene heime deler bytte.

14 Sjølv til dykk som låg mellom sauene,

er det duevenger dekte med sølv,

vengefjører av grønt gull.

15 Då Den veldige spreidde kongane,

snødde det på Salmon-fjellet.»


16 Basan-fjellet er eit gudefjell,

Basan-fjellet med høge tindar.

17 Høge tindar, kvifor ser de skeivt

til fjellet som Gud ville ha til bustad,

der Herren vil bu for alltid?

18 Guds vogner er ti tusen gonger tusen,

Herren er mellom dei, heilag som på Sinai.

19 Du steig opp i det høge, førte bort fangar,

tok gåver blant menneska, jamvel opprørarar,

så du kunne bu der, Herre og Gud.


20 Velsigna er Herren dag etter dag!

Gud er vår redning, han ber oss. Sela

21 Vår Gud er ein Gud som frelser,

hos Gud Herren er det utveg frå døden.

22 Men Gud knuser hovudet på sine fiendar,

den hårete skallen på dei som stadig lever i skuld.

23 Herren seier: «Eg fører deg tilbake frå Basan,

eg fører deg tilbake frå havsens djup,

24 så foten din kan vassa i blod

og tunga til hundane dine

få sin del av fienden.»


25 Folk har sett ditt festtog, Gud,

festtoget til min Gud og konge i hans heilagdom.

26 Songarar går føre,

bak går dei som spelar harpe,

i midten unge jenter som slår på tromme.

27 Lovpris Gud, kor mot kor,

lov Herren, de som er av Israels kjelde!


28 Der er Benjamin, den yngste,

som herskar over dei,

Judas hovdingar i flokk

og hovdingane i Sebulon og Naftali.


29 Gud, vis din styrke,

vis deg sterk, Gud, slik vi før har sett.

30 Fordi ditt tempel ragar over Jerusalem,

kjem kongar til deg med gåver.


31 Du skal truga villdyret i sivet,

flokken av oksar og kalvane til folka!

Trakk ned dei som traktar etter sølv,

sprei folk som vil strid!

32 Dei skal koma med bronse frå Egypt,

i hast strekkjer Kusj hendene mot Gud.


33 Syng for Gud, de kongerike på jorda,

syng og spel for Herren, Sela

34 for han som rid på himmelen,

den eldgamle himmelen.

Høyr, han lyfter si røyst, ei mektig røyst!

35 Gjev Gud makt!

Han har herrevelde over Israel,

hans makt når til skyene.

36 Frå sin heilagdom vekkjer Gud frykt.

Israels Gud gjev kraft og styrke til folket.

Velsigna er Gud!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.