Gå til forsiden

Salmane

69 

1 Til korleiaren. Etter «Liljene». Av David.


2 Frels meg, Gud!

Vatnet når meg til halsen.

3 Eg har sokke ned i myr og djup,

foten finn ikkje feste.

Eg er komen ut på djupt vatn,

flaumen skyl over meg.


4 Eg er trøytt av å ropa,

halsen er hås,

auga sloknar,

eg har venta på min Gud.


5 Dei som hatar meg utan grunn,

er fleire enn håra eg har på hovudet.

Mine svikefulle fiendar er mange,

dei som vil gjera ende på meg.

Det eg ikkje har røva,

må eg likevel gje tilbake.


6 Gud, du veit kor dum eg er,

mine brot er ikkje løynde for deg.

7 Lat ikkje dei som vonar på deg,

Herre Gud Sebaot,

bli til skamme på grunn av meg!

Lat ikkje dei som søkjer deg,

skjemmast på grunn av meg, Israels Gud!


8 For di skuld har eg bore spott,

andletet er dekt av skam.

9 Eg har vorte ein framand for mine brør,

ein ukjend for sønene til mor mi.

10 Brennande iver for ditt hus har tært meg opp.

På meg fall spottorda frå dei som spottar deg.


11 Eg gret og fasta,

då vart eg spotta.

12 Eg kledde meg i sekkestrie,

då laga dei spottevers om meg.

13 Dei snakkar om meg når dei sit i porten,

syng om meg når dei drikk seg fulle.


14 Men eg bed til deg, Herre, i nådens tid,

til deg, Gud, i di store miskunn.

Svar meg med di trufaste hjelp.

15 Berg meg frå å søkka i gjørma,

berg meg frå dei som hatar meg,

frå det djupe vatnet!

16 Lat ikkje flaumvatnet skylja over meg,

lat ikkje djupet sluka meg

eller brønnen lata att sin munn over meg!


17 Svar meg, Herre, for di miskunn er god,

vend deg til meg i din store kjærleik!

18 Løyn ikkje andletet for din tenar,

for eg er i naud.

Skund deg og svar meg!

19 Kom til meg, løys meg ut,

fri meg frå mine fiendar!


20 Du veit korleis eg blir spotta,

du kjenner mi vanære og mi skam.

Du ser alle som står imot meg.

21 Spott har knust mitt hjarte,

det kan ikkje lækjast.

Fåfengt vona eg på medynk,

eg fann ingen som kunne trøysta.


22 Dei gav meg gift i maten;

då eg var tørst, fekk eg eddik å drikka.

23 Lat bordet deira bli ei snare for dei

og ei felle for deira vener.

24 Lat auga deira dimmast

så dei ikkje kan sjå!

Lat alltid hoftene deira skjelva!

25 Aus ut din harme over dei,

lat din brennande vreide nå dei!


26 Lat leiren deira liggja i øyde,

lat ingen bu i deira telt.

27 For dei jagar etter dei du har slege,

og aukar smerta hos dei du har såra.

28 Legg skuld til den skulda dei har,

lat dei ikkje få del i di rettferd!

29 Lat dei strykast ut av livsens bok

og ikkje skrivast inn med dei rettferdige.


30 Men eg er hjelpelaus og lidande,

Gud, hjelp meg og vern meg!

31 Eg vil prisa Guds namn med song

og hylla han med lovsong.

32 Det gleder Herren meir enn stutar,

meir enn oksar med horn og klauver.


33 Dei hjelpelause ser det og blir glade.

Må hjartet dykkar leva, de som søkjer Gud!

34 For Herren høyrer på dei fattige,

han foraktar ikkje sine eigne når dei er fangar.


35 Lat himmelen og jorda prisa han,

havet og alt som rører seg der.

36 For Gud skal berga Sion

og byggja opp byane i Juda.

Dei skal bu der og eiga landet.

37 Hans tenarars ætt skal arva det,

dei som elskar hans namn, skal bu der.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.