1 Til korleiaren. Av David. Til påminning.
2 Skund deg, Gud, og hjelp meg,
Herre, fri meg ut!
3 Lat dei som står meg etter livet,
bli til skamme og til spott!
Lat dei som vil meg vondt,
dra seg tilbake utan ære!
4 Lat dei som ler hånleg,
snu seg bort i skam.
5 Lat alle som søkjer deg,
fryda og gleda seg i deg!
Lat dei som elskar di frelse,
alltid seia: «Stor er Gud!»
6 Men eg er hjelpelaus og fattig.
Skund deg, Gud!
Du er mi hjelp, du bergar meg.
Herre, dryg ikkje lenger!