Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

76 

1 Til korleiaren. Med strengespel. Ein salme av Asaf. Ein song.


2 Gud er kjend i Juda,

hans namn er stort i Israel.

3 I Salem er hans hytte reist,

på Sion står hans bustad.

4 Der braut han sund lynande piler,

krigens våpen, skjold og sverd. Sela


5 Du er strålande og herleg,

meir enn dei evige fjell.

6 Modige menn vart plyndra.

Kvar krigar hadde sovna inn,

ingen kunne lyfta ei hand.

7 Hest og ryttar fall i uvit

då du truga, Jakobs Gud.


8 Du er den som alle må frykta.

Kven kan stå for ditt andlet

når du blir vreid?

9 Frå himmelen kunngjorde du din dom.

Jorda frykta og tagde

10 då Gud stod opp for å dømma,

for å frelsa alle hjelpelause på jord. Sela

11 Sjølv harmen frå menneske blir til lovsong for deg,

harmen endar med høgtid.


12 Gjev lovnader til Herren dykkar Gud,

lat han få det de har lova!

Alle omkring han skal koma med gåver

til han som dei fryktar.

13 Han tek motet frå fyrstar,

kongane på jorda må frykta han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.