Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

8 

1 Til korleiaren. Etter Gittit. Ein salme av David.


2  Herre, vår herre,

kor herleg ditt namn er over heile jorda,

du som har breidd ut din glans på himmelen!

3 Frå munnen på småborn og spedborn

har du reist eit vern mot dei som står imot deg,

for å gjera ende på fienden og hemnaren.


4 Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar,

månen og stjernene som du har sett der,

5 kva er då eit menneske – at du hugsar på det,

eit menneskebarn – at du tek deg av det?


6 Du sette han lite lågare enn Gud

og krona han med herlegdom og ære.

7 Du sette han til herre over det dine hender har skapt,

alt la du under hans føter:

8 småfe og storfe i samla flokk,

dei ville dyra på marka,

9 fuglane under himmelen og fiskane i havet,

alt som ferdast på havsens stigar.


10  Herre, vår herre,

kor herleg ditt namn er over heile jorda!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.