Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

81 

1 Til korleiaren. Etter Gittit. Av Asaf.


2 Bryt ut i jubel for Gud, vår styrke,

rop av glede for Jakobs Gud!

3 Stem opp ein song, lat handtromma lyda,

den yndige lyra saman med harpa.

4 Blås i horn ved nymåne

og ved fullmåne, på vår høgtidsdag.


5 For det er ei forskrift i Israel,

ei lov frå Jakobs Gud.

6 Han gjorde det til eit lovbod i Josef

då han drog ut frå Egypt.


Eg høyrer eit språk eg ikkje kjende:

7 Eg fria hans aksel frå børa,

hendene slapp å bera korga.

8 I trengsle ropa du, og eg fria deg ut;

løynd i toreskya svara eg deg,

ved Meriba-kjelda prøvde eg deg. Sela


9 Høyr, mitt folk, eg formanar deg!

Israel, om du berre ville høyra på meg!

10 Ingen framand gud må finnast hos deg,

du skal ikkje bøya deg for gudar frå framande land!

11 Eg er Herren din Gud

som førte deg opp frå Egypt.

Lat opp munnen, så fyller eg han!


12 Men folket mitt høyrde ikkje på meg,

Israel ville ikkje lyda meg.

13 Så lét eg dei fara, forherda i hjartet;

dei følgde sine eigne planar.


14 Gjev mitt folk ville høyra på meg,

gjev Israel ville gå på mine vegar!

15 Då skulle eg kua motstandarane deira med det same

og retta handa mot fienden.


16 Dei som hatar Herren, må krypa for han,

deira ulukketid skal alltid vara.

17 Men han har late Israel eta den beste kveiten.

Eg mettar deg med honning frå berget.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.