1 Ein salme av Asaf.
Gud står fram i gudars forsamling,
midt mellom gudar held han dom:
2 Kor lenge vil de dømma med urett
og halda med dei skuldige? Sela
3 Hjelp svake og farlause til deira rett,
frikjenn hjelpelause og fattigfolk,
4 berg fattige og svake,
fri dei frå handa til dei lovlause!
5 Dei veit ingenting, skjønar ingenting,
dei ferdast i mørker,
alle grunnvollar under jorda vaklar.
6 Eg har sagt: «De er gudar,
søner av Den høgste er de alle.
7 Men de skal døy slik eit menneske døyr,
og falla slik ein av fyrstane fell.»
8 Reis deg, Gud, hald dom over jorda,
for alle folkeslag er din eigedom.