Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Salmane

95 

1 Kom, lat oss jubla for Herren,

hylla vårt berg som frelser oss!

2 Lat oss gå fram for han med lovsong,

hylla han med song og spel!


3 For Herren er ein stor Gud,

ein stor konge over alle gudar.

4 Han har jord-djupnene i si hand

og fjelltoppane i eige.

5 Havet er hans, han har skapt det,

hendene har forma det faste landet.


6 Kom, lat oss knela og kasta oss ned,

bøya kne for Herren, vår skapar!

7 For han er vår Gud,

vi er folket han gjeter,

flokken i hans hand.

Ville de berre høyra hans røyst i dag!


8 Gjer ikkje hjartet hardt som ved Meriba,

som den dagen ved Massa i ørkenen,

9 då fedrane dykkar utfordra meg

og sette meg på prøve,

endå dei såg kva eg gjorde!

10 I førti år hadde eg avsky for denne slekta.

Eg sa: Dei er eit folk som fer vill i sitt hjarte,

dei kjenner ikkje mine vegar.

11 Så svor eg i min vreide:

Aldri skal dei koma inn til mi kvile!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.