Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Johannes' openberring

1 

1 Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han så han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes. 2 Det er han som her vitnar om Guds ord og ber fram Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett. 3 Sæl er den som les opp orda i denne profetien, og sæle er dei som høyrer dei og held fast på det som der står skrive. For tida er nær.

Helsing

4 Johannes helsar dei sju forsamlingane i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor trona hans, 5 og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den førstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod 6 og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.

7 Sjå, han kjem med skyene,

og kvart auge skal sjå han,

også dei som har gjennomstunge han,

og alle folkeslag på jorda

skal bryta ut i klagerop over han.

Ja, amen!

8 Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige.

Menneskesonen openberrar seg

9 Eg, Johannes, som er bror dykkar og saman med dykk har del i trengslene, i riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus. 10 På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei røyst bak meg, sterk som ein basun. 11 Røysta sa: «Det du får sjå, skal du skriva ned i ei bok og senda til dei sju forsamlingane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»

12 Eg snudde meg for å sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju lysestakar av gull, 13 og midt mellom lysestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. 14 Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og auga som logande eld, 15 føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. 16 I si høgre hand hadde han sju stjerner, og frå munnen hans gjekk det ut eit skarpt, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.

17 Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:

«Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste 18 og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket. 19 Skriv no ned det du har sett, det som er, og det som heretter skal koma. 20 Dette er løyndomen med dei sju stjernene du såg i mi høgre hand, og dei sju lysestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju forsamlingane, og dei sju lysestakane er dei sju forsamlingane.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.