Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ openberring

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Engelen med den vesle bokrullen
10Og eg såg ein annan mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var sveipt i ei sky og hadde regnbogen kring hovudet. Andletet var som sola og føtene som eldsøyler.  2 I handa hadde han ein liten bokrull som var opna. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda  3 og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene.  4 Etter at dei sju torene hadde tala, ville eg til å skriva, men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje ned!»
   
 5 Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte høgre handa mot himmelen  6 og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og alt som finst der, og jorda og alt som finst der, og havet og alt som finst der: «Tida er ute.  7 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds mysterium vera fullført, slik han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»
   
 8 Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala igjen til meg: «Gå bort og ta den opne boka frå handa til engelen som står på havet og på jorda.»  9 Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle bokrullen.» Han sa til meg: «Ta bokrullen og et han! Han skal svi i magen din, men i munnen din skal han vera søt som honning.»
   
10 Så tok eg den vesle bokrullen ut av handa på engelen og åt han, og i munnen var han søt som honning, men då eg hadde svelgt han, sveid det i magen. 11 Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål og mot mange kongar.»
< Forrige kapittelNeste kapittel >