Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Johannes' openberring

3

Til Sardes

1 Skriv til engelen for forsamlinga i Sardes:

Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Det heiter om deg at du lever, men du er død. 2 Vakn opp og styrk det som er att, og som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud. 3 Kom difor i hug kva du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaknar, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg. 4 Men du har nokre få i Sardes som ikkje har skitna til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det.

5 Den som sigrar, skal bli kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut av livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans.

6 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Til Filadelfia

7 Skriv til engelen for forsamlinga i Filadelfia:

Dette seier Den heilage og sannferdige, han som har Davids nøkkel, som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og du har halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, slike som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstida som skal koma over heile verda for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta frå deg sigerskransen!

12 Den som sigrar, vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og aldri meir skal han gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

13 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Til Laodikea

14 Skriv til engelen for forsamlinga i Laodikea:

Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til alt som Gud har skapt: 15 Eg veit om gjerningane dine – du er verken kald eller varm. Om du berre var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn. 17 «Eg er rik», seier du, «eg har overflod og manglar ingen ting.» Men du veit ikkje at nettopp du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er reinsa i eld, så du kan bli rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å stryka på auga dine, så du kan sjå.

19 Alle dei eg har kjær, refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

21 Den som sigrar, vil eg la sitja med meg på mi trone, slik eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans trone.

22 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.