Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ openberring

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22

< Forrige kapittelNeste kapittel >

GUDS TRONE OG LAMMET (Kap. 4–5)
Tilbeding i himmelen
4    Deretter såg eg, og sjå! – ei dør var opna i himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.»
   
 2 I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ei trone, og det sat ein på trona.  3 Han som sat der, såg ut som jaspis og karneol, og omkring trona var det ein regnboge; han var som smaragd.  4 I ein ring omkring trona såg eg tjuefire andre troner, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede, med sigerskransar av gull på hovudet.  5 Frå trona gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor trona brann det sju faklar, det er dei sju Guds ånder.  6 Framfor trona var det som eit glashav, likt krystall.
        Og i midten, rundt trona, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av auge framme og bak.
 7 Den første skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei flygande ørn.  8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei fullt av auge, også under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans:
           Heilag, heilag, heilag
           er Herren Gud, Den allmektige,
          han som var og som er og som kjem.
 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på trona, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på trona, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar sigerskransane sine ned framfor trona og ropar:
          
   
11 Verdig er du, vår Herre og Gud,
          til å få pris og ære og makt.
          For du har skapt alt;
          ved din vilje vart alt til, skapt av deg.
< Forrige kapittelNeste kapittel >