Hopp rett til
Kirkeårets teksterDagens bibelord
Tegnforklaringer
Bibelleseplaner
Kjøp Bibelen
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
GUDS TRONE OG LAMMET (Kap. 4–5) Tilbeding i himmelen 4 Deretter såg eg, og sjå! – ei dør var opna i himmelen. Og den røysta eg før hadde høyrt tala med klang som ein basun, sa til meg: «Stig hit opp, så skal eg syna deg det som heretter skal henda.» 2 I det same kom Anden over meg. Og sjå, i himmelen stod det ei trone, og det sat ein på trona. 3 Han som sat der, såg ut som jaspis og karneol, og omkring trona var det ein regnboge; han var som smaragd. 4 I ein ring omkring trona såg eg tjuefire andre troner, og på dei sat tjuefire eldste, kledde i kvite klede, med sigerskransar av gull på hovudet. 5 Frå trona gjekk det ut lyn og drønn og torebrak, og framfor trona brann det sju faklar, det er dei sju Guds ånder. 6 Framfor trona var det som eit glashav, likt krystall. Og i midten, rundt trona, var det fire skapningar. Dei hadde fullt av auge framme og bak. 7 Den første skapningen var lik ei løve, den andre var lik ein okse, den tredje hadde andlet som eit menneske, og den fjerde var lik ei flygande ørn. 8 Kvar av dei fire skapningane hadde seks venger, og overalt hadde dei fullt av auge, også under vengene. Natt og dag ropar dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den allmektige, han som var og som er og som kjem. 9 Kvar gong dei fire skapningane prisar og hyllar og takkar han som sit på trona, han som lever i all æve, 10 fell dei tjuefire eldste ned for han som sit på trona, og dei tilbed han som lever i all æve. Dei kastar sigerskransane sine ned framfor trona og ropar: 11 Verdig er du, vår Herre og Gud, til å få pris og ære og makt. For du har skapt alt; ved din vilje vart alt til, skapt av deg. |
< Forrige kapittel | Neste kapittel > |
Nettbibelen blir ny høsten 2023. Vi ruller ut nye funksjoner fortløpende, og trenger din hjelp til å teste og gi tilbakemelding.
Test på beta.bibel.no