Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Johannes’ openberring

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Boka med sju segl
5Og eg såg at han som sat på trona, hadde ein bokrull i høgre handa. Det var skrive på rullen, både inni og utanpå, og han var forsegla med sju segl.  2 Då såg eg ein mektig engel som ropa med høg røyst: «Kven er verdig til å opna boka og bryta segla?»  3 Men korkje i himmelen eller på jorda eller under jorda var det nokon som kunne opna boka eller sjå i henne.  4 Då gret eg sårt, fordi ingen vart funnen verdig til å opna boka eller sjå i henne.  5 Men ein av dei eldste sa til meg: «Gråt ikkje! For løva av Juda-stammen, Davids rotskot, har sigra og kan opna boka med dei sju segla.»
   
 6 Og eg såg eit lam som stod midt på trona, mellom dei fire skapningane og i krinsen av dei eldste, og det såg ut som lammet var slakta. Det hadde sju horn og sju auge, og auga er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.  7 Lammet kom og tok imot bokrullen frå høgre handa til han som sat på trona.
   
 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene til dei heilage.  9 Og dei song ein ny song:
          Verdig er du til å ta imot boka
          og bryta segla på henne.
          For du vart slakta,
          og med ditt blod har du frikjøpt for Gud
          menneske av alle stammar og tungemål,
          av alle folk og folkeslag.
          
   
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
          til prestar for vår Gud,
          og dei skal herska som kongar på jorda.
11 Og eg såg, og eg høyrde røysta av dei mange englane som stod omkring trona, og dei fire skapningane og dei eldste – det var ein uendeleg flokk, i titusental. 12 Dei ropa med høg røyst:
          Verdig er Lammet som vart slakta,
          verdig til å få all makt
          og rikdom, visdom og styrke,
          ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som finst der, høyrde eg seia:
          Han som sit på trona,
          han og Lammet vere takk og ære,
          pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: «Amen.» Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

14. august 2022

Dagens bibelord

1. Mosebok 33,1–11

Les i nettbibelen

1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. ... Vis hele teksten

1Jakob såg opp og fekk auge på Esau, som kom med fire hundre mann. Då fordelte han borna mellom Lea, Rakel og dei to slavekvinnene. 2Han stilte slavekvinnene og borna deira fremst, Lea og borna hennar bak dei og Rakel med Josef sist. 3Sjølv gjekk han føre dei og bøygde seg sju gonger til jorda, til han kom bort til bror sin. 4Men Esau sprang imot han, slo armane rundt han, kasta seg om halsen på han og kyste han. Og dei gret. 5Esau såg opp og fekk auge på kvinnene og borna. Då sa han: «Kven er det du har med deg?» Jakob svara: «Det er dei borna som Gud i sin nåde har gjeve tenaren din.» 6Slavekvinnene kom då fram med borna sine og bøygde seg til jorda. 7Lea kom òg fram med borna sine og bøygde seg. Til slutt gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg. 8Esau spurde: «Kva ville du med heile den flokken eg møtte?» «Eg ville at min herre skulle sjå på meg med velvilje», svara han. 9Då sa Esau: «Eg har rikeleg, bror. Ta du vare på det som ditt er!» 10«Nei, kjære deg», svara Jakob, «ser du på meg med velvilje, så ta imot gåva mi! For då eg såg andletet ditt, var det som eg såg Guds eige andlet; så venleg var du mot meg. 11Ta no imot gåva som eg lét senda deg! For Gud har vore nådig mot meg, og eg har alt eg treng.» Jakob bad han så inntrengjande at han tok imot gåva.