Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til romarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Vi lanserer BibleProject-filmer fortløpende fra 2021-2022. Les mer.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Samhald i forsamlinga
14Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til dommarar over tankane hans.  2 Éin har ei tru som tillèt han å eta alt, den veike et berre grønsaker.  3 Den som et alt, skal ikkje sjå ned på den som ikkje et alt. Og den som lèt vera å eta, skal ikkje dømma den som et. For Gud har teke imot han.  4 Kven er du som dømmer tenaren til ein annan? Om han står eller fell, er ei sak mellom han og herren hans. Og han skal bli ståande, for Herren har makt til å halda han oppe.
   
 5 Den eine gjer forskjell på dagar, den andre held alle dagar for like. Lat kvar og ein vera fullt overtydd om sitt eige syn.  6 Den som set ein dag framfor andre, gjer det for Herren, og den som et, gjer det for Herren, for han takkar Gud. Det same gjer den som ikkje et: Han gjer det for Herren og takkar Gud.  7 For ingen av oss lever for seg sjølv, og ingen døyr for seg sjølv.  8 Lever vi, så lever vi for Herren, og døyr vi, så døyr vi for Herren. Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til.  9 Difor var det Kristus døydde og vart levande att: Han skulle vera herre over både levande og døde. 10 Men du, kvifor dømmer du bror din, eller kvifor ser du ned på bror din? Vi skal alle fram for Guds domstol, 11 for det står skrive:
           Så visst som eg lever, seier Herren,
           for meg skal kvart kne bøya seg,
           og kvar tunge skal vedkjennast Gud.
12 Så skal då kvar og ein av oss leggja fram sin eigen rekneskap *for Gud•.
   
13 Lat oss ikkje lenger dømma kvarandre! Døm heller slik: Ingen må få bror sin eller syster si til å snubla og falla. 14 I Herren Jesus veit eg sikkert og visst at ingenting er ureint i seg sjølv. Men for den som held noko for ureint, er det ureint. 15 Gjer du bror din eller syster di sorg med maten du et, då går du ikkje fram med kjærleik. Den som Kristus døydde for, må ikkje du føra i fortaping med maten din. 16 Lat ikkje det gode de eig, bli til spott. 17 For Guds rike er ikkje mat og drikke, men rettferd, fred og glede i Den heilage ande. 18 Den som tener Kristus på denne måten, han er til glede for Gud og får respekt mellom menneske.
   
19 Lat oss difor streva etter det som fører til fred og til oppbygging oss imellom! 20 Riv ikkje ned Guds verk av omsyn til mat. Visst er alt reint, men om eit menneske et noko slik at det blir årsak til fall, då er det av det vonde. 21 Det er rett å ikkje eta kjøt eller drikka vin eller gjera noko anna som fører bror din til fall. 22 Den tru du har, skal du halda for deg sjølv, for Guds andlet. Sæl er den som ikkje dømmer seg sjølv på grunn av det han vel å gjera. 23 Men den som et med tvil, han er dømd fordi han ikkje gjer det i tru. Alt som ikkje er av tru, er synd.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.