FolkebibelBibel 2024
Shopping bagKjøp
Gå til forsiden

Paulus' brev til romarane

16

Helsingar

1 Eg vil leggja inn eit godt ord hos dykk for Føbe, syster vår; ho er ein diakon frå forsamlinga i Kenkreæ. 2 Ta imot henne i Herren som det sømer seg for dei heilage. Stå til teneste for henne i alle oppgåver der ho kan trenga hjelp av dykk. For sjølv har ho vore til hjelp for mange, også for meg. 3 Hels Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristus Jesus. 4 Dei la halsen på blokka for å berga livet mitt, noko ikkje berre eg, men alle dei heidningkristne forsamlingane vil takka dei for. 5 Hels òg forsamlinga som kjem saman i huset deira. Hels min kjære Epainetos, han som er den første frukta for Kristus i Asia. 6 Hels Maria, som har arbeidd og slite så mykje for dykk. 7 Hels Andronikos og Junia, som er landsmennene mine og fengselskameratane mine. Dei har eit godt namn mellom apostlane, og dei kom til trua på Kristus før meg. 8 Hels Ampliatus, min kjære ven i Herren. 9 Hels Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys. 10 Hels Apelles, som er vel prøvd i Kristus. Hels alle hos Aristobolos. 11 Hels Herodion, landsmannen min. Hels alle hos Narkissos som høyrer Herren til. 12 Hels Tryfena og Tryfosa, som arbeider hardt for Herren. Hels den kjære Persis, som har arbeidd så mykje for Herren. 13 Hels Rufus, Herrens utvalde, og mor hans; ho har vore ei mor for meg òg. 14 Hels Asynkritos, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og syskena som er saman med dei. 15 Hels Filologos og Julia, Nerevs og syster hans og Olympas, og alle dei heilage som er saman med dei. 16 Hels kvarandre med eit heilagt kyss! Alle Kristi forsamlingar helsar dykk.

17 Eg legg dykk på hjartet, sysken, at de må halda auge med dei som skaper splitting og får dykk til å falla frå den læra de har teke imot. Hald dykk ifrå dei! 18 Slike menneske tener ikkje Herren Jesus Kristus, men sin eigen mage. Med fine ord og lokkande tale forfører dei slike som er godtruande av hjartet. 19 Men alle har høyrt om lydnaden dykkar, og difor gleder eg meg over dykk. Eg vil at de skal vera kloke i det gode og uskuldige i det vonde. 20 Må fredens Gud snart knusa Satan under føtene dykkar! Vår Herre Jesu nåde vere med dykk!

21 Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius, Jason og Sosipater, landsmennene mine, helsar dykk. 22 Eg, Tertius, som har skrive ned brevet, helsar dykk i Herren. 23 Gaius, som er vert for meg og heile forsamlinga, helsar dykk. Erastos, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, like eins Kvartus, bror vår. 24 *Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.•

25 Lova vere Gud, han som har makt til å styrkja dykk med mitt evangelium, bodskapen om Jesus Kristus, etter openberringa av det mysteriet som har vore løynt frå evige tider, 26 men som no er kome for dagen. Gjennom profetiske skrifter og etter påbod frå den evige Gud er dette mysteriet no kunngjort for alle folkeslag for å føra dei til lydnad i tru. 27 Han, den einaste vise Gud, vere ære ved Jesus Kristus i all æve! Amen.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.