Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Paulus’ brev til romarane

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16
Se film

Les mer om BibleProject.

< Forrige kapittelNeste kapittel >

GUDS VEG MED ISRAEL (Kap. 9–11)
Guds gåver til Israel
9    Eg talar sanning i Kristus; eg lyg ikkje! Samvitet mitt stadfester det i Den heilage ande.  2 Eg ber på ei stor sorg og ei stadig liding i hjartet.  3 For eg skulle ønskja at eg sjølv var forbanna og skild frå Kristus, berre det kunne hjelpa mine sysken som er av same folket som eg.  4 Dei er israelittar; dei har retten til å vera Guds born, og herlegdomen, paktene, lova, tempeltenesta og lovnadene er deira.  5 Dei har fedrane, og frå dei stammar òg Kristus, han som er Gud over alt, velsigna i all æve. Amen.
Gud vel ut folket sitt
 6 Det er ikkje slik at Guds ord har slege feil. For ikkje alle som er av Israels ætt, høyrer Israel til,  7 og ikkje alle som nedstammar frå Abraham, er Abrahams born. For det står: Gjennom Isak skal du få ei ætt som skal kallast di.  8 Det vil seia: Det er ikkje dei som er borna hans av kjøt og blod, som er Guds born. Nei, dei som er born ut frå lovnaden, reknar han som Abrahams ætt.  9 For dette er eit lovnadsord: Eg kjem tilbake til deg når tida er inne, og då skal Sara ha ein son. 10 Og ikkje berre det – også Rebekka fekk to søner med éin mann, Isak, stamfaren vår. 11 Før dei var fødde, då dei verken hadde gjort godt eller vondt, sa Gud til henne: Den eldste skal tena den yngste. Guds plan og utveljing skulle stå fast 12 og er ikkje avhengig av menneskegjerningar, men berre av han som kallar. 13 For det står skrive: Jakob elska eg, men Esau hadde eg uvilje mot.
   
14 Kva skal vi seia til dette? Er Gud urettferdig? Langt ifrå! 15 For til Moses seier han: Eg vil miskunna meg over den eg vil, og ynkast over den eg vil. 16 Så står det ikkje til den som vil, og ikkje til den som strevar, men til Gud som miskunnar seg. 17 For Skrifta seier til farao: Når eg lét deg stiga fram, var det fordi eg ville visa mi makt på deg, og for at namnet mitt skal bli forkynt over heile jorda. 18 Det viser at han gjer miskunn mot den han vil, og forherdar den han vil.
   
19 No vil du vel seia: «Kva har han då å klaga oss for? Kven kan stå imot hans vilje?» 20 Men kven er du, menneske, som tek til motmæle mot Gud? Kan verket seia til handverkaren: «Kvifor laga du meg slik?» 21 Eller har ikkje pottemakaren makt over leira, så han av same leirklumpen kan laga ei krukke til fint bruk og ei anna til simplare bruk? 22 Og endå Gud ville visa sin vreide og kunngjera si makt, har han med stort tolmod bore over med dei krukkene som var under vreiden og laga for å gå til grunne. 23 Han gjorde det for å kunngjera kor rik hans herlegdom er for dei som han ville visa miskunn, dei som han på førehand hadde gjort ferdige til herlegdom. 24 Oss òg har han kalla til å vera slike krukker, ikkje berre mellom jødane, men mellom heidningane òg. 25 Som han seier hos Hosea:
           Dei som ikkje var mitt folk,
           vil eg kalla mitt folk,
           og henne som eg ikkje elska,
           vil eg kalla den som eg elskar.
          
   
26  Der det før vart sagt til dei:
          « De er ikkje mitt folk»,
           der skal dei kallast
           borna til den levande Gud.
27 Og Jesaja ropar ut over Israel:
           Om Israelsborna var så talrike som havsens sand,
           skal berre ein rest bli frelst.
          
   
28  For i hast skal Herren sluttføra sin rekneskap på jorda.
29 Og som Jesaja før har sagt:
           Hadde ikkje Herren over hærskarane
           late nokon av vår ætt leva,
           då var vi som Sodoma,
           då likna vi Gomorra.

Israel og evangeliet
30 Kva skal vi då seia? Jau, heidningane som ikkje jaga etter å få rettferd, dei har vunne rettferd, det vil seia: rettferda av tru. 31 Men Israel, som jaga etter lova for å vinna rettferd, dei nådde ikkje fram. 32 Kvifor ikkje? Fordi dei heldt seg til gjerningar og ikkje til tru. Dei støytte seg på støytesteinen, 33 som det står skrive:
           Sjå, på Sion legg eg ein støytestein
           og eit berg til fall.
           Men den som trur på han,
           skal ikkje bli til skamme.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

09. februar 2023

Dagens bibelord

Lukas 9,28–36

Les i nettbibelen

28Omkring åtte dager etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gikk opp i fjellet for å be. 29Og mens han ba, fikk ansiktet hans et annet utseende, og klærne ble blendende hvite. ... Vis hele teksten

28Omkring åtte dager etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gikk opp i fjellet for å be. 29Og mens han ba, fikk ansiktet hans et annet utseende, og klærne ble blendende hvite. 30Med ett sto det to menn og snakket med ham; det var Moses og Elia. 31De viste seg i herlighet og talte om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføre i Jerusalem. 32Peter og de andre hadde falt i dyp søvn. Nå våknet de og fikk se hans herlighet og de to mennene som sto sammen med ham. 33Da mennene skulle til å forlate ham, sa Peter til Jesus: «Mester, det er godt at vi er her. La oss bygge tre hytter, en til deg, en til Moses og en til Elia» – han visste ikke selv hva han sa. 34Mens han talte, kom det en sky og skygget over dem, og da de kom inn i skyen, ble de grepet av frykt. 35Det lød en røst fra skyen: «Dette er min Sønn, den utvalgte. Hør ham!» 36Og da røsten lød, var det ingen annen å se, bare Jesus. Disiplene tidde med dette. På den tiden fortalte de ikke til noen hva de hadde sett.

Dagens bibelord

Lukas 9,28–36

Les i nettbibelen

28Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be. 29Og medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite. ... Vis hele teksten

28Om lag åtte dagar etter at han hadde sagt dette, tok han med seg Peter, Johannes og Jakob og gjekk opp i fjellet for å be. 29Og medan han bad, vart andletet hans som omskapt, og kleda vart skinande kvite. 30Med eitt stod to menn og snakka med han; det var Moses og Elia. 31Dei synte seg i herlegdom og tala om den utgangen livet hans skulle få, om det han skulle fullføra i Jerusalem. 32Peter og dei andre hadde falle i djup søvn. No vakna dei og fekk sjå herlegdomen hans og dei to mennene som stod der saman med han. 33Då mennene skulle skiljast med han, sa Peter til Jesus: «Meister, det er godt at vi er her. Lat oss byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia» – han visste ikkje sjølv kva han sa. 34Og medan han tala, kom det ei sky og la skugge over dei, og då dei kom inn i skya, vart dei gripne av redsle. 35Frå skya kom det ei røyst: «Dette er Son min, den utvalde. Høyr han!» 36Og då røysta lydde, var det ingen annan å sjå, berre Jesus. Læresveinane tagde med dette, og dei fortalde i dei dagane ikkje til nokon det dei hadde sett.

Dagens bibelord

Lukas 9,28–36

Les i nettbibelen

28Sullii vahku geažes das go Jesus lei cealkán dán, de son válddii mielddis Petera, Johannesa ja Jakoba ja manai várrái rohkadallat. 29Rohkadaladettiin su ámadadju nuppástuvai, ja su biktasat šadde čeaskadin ja šearradin. ... Vis hele teksten

28Sullii vahku geažes das go Jesus lei cealkán dán, de son válddii mielddis Petera, Johannesa ja Jakoba ja manai várrái rohkadallat. 29Rohkadaladettiin su ámadadju nuppástuvai, ja su biktasat šadde čeaskadin ja šearradin. 30Ja seammás das ledje guokte olbmá, Moses ja Elia, sárdnumin suinna. 31Soai almmustuvaiga almmálaš hearvásvuođas ja sártnuiga su eretvuolgimis mii ollašuvašii Jerusalemis. 32Lossa nahkárat ledje rohtten Petera ja máhttájeaddji guoktá geat leigga suinna. Go sii morihedje, de sii oidne Jesusa su hearvásvuođas ja dan guokte olbmá geat leigga su luhtte. 33Go olbmát leigga earránaddamin Jesusa luhtte, de Peter dajai: “Oahpaheaddji, lea buorre ahte mii leat dáppe. Mii dahkat golbma goađi, ovtta dutnje, ovtta Mosesii ja ovtta Eliai.” Muhto ii son diehtán maid dajai. 34Go Peter lei ain sárdnumin, de bođii balva ja suoivvanasttii sin. Máhttájeaddjit suorganedje go oidne olbmáid jávkamin balvva sisa. 35Balvvas gullui jietna: “Dát lea mu Bárdni, su mun lean válljen. Gullet su!” 36Ja go jietna gullui, de sii oidne Jesusa leamen das okto. Máhttájeaddjit orro jávohaga eaige vel dalle muitalan geasage maid ledje oaidnán.