Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Rut

1

Rut og Noomi

1 I dei dagane då dommarane styrte, vart det ein gong hungersnaud i landet. Då fór ein mann frå Betlehem i Juda i veg med kona si og dei to sønene sine for å slå seg ned i slettelandet Moab. 2 Mannen heitte Elimelek, kona Noomi og dei to sønene Mahlon og Kiljon. Dei var av Efrat-slekta, frå Betlehem i Juda. No kom dei til Moab og vart verande der.

3 Så døydde Elimelek, mannen til Noomi, og ho sat att med dei to sønene sine. 4 Dei tok seg moabittiske koner; den eine heitte Orpa og den andre Rut. Dei vart buande der i om lag ti år. 5 Så døydde òg dei to sønene, Mahlon og Kiljon, og Noomi sat att åleine, utan søner og utan mann.

6 Då tok ho ut saman med svigerdøtrene sine for å venda heim frå slettelandet i Moab. For ho hadde høyrt i Moab at Herren hadde teke seg av folket sitt og gjeve det brød. 7 Ho gav seg i veg vekk frå staden der ho hadde budd. Begge svigerdøtrene følgde henne.

Dei gav seg i veg for å venda attende til Juda. 8 Men Noomi sa til dei to svigerdøtrene sine: «Vend attende, gå, kvar til si mors hus! Måtte Herren vera god mot dykk, slik de har vore gode mot dei døde og mot meg! 9 Måtte Herren la dykk begge finna ein trygg heim, kvar i sin manns hus!» Så kyste ho dei. Men dei brast i gråt 10 og sa til henne: «Nei, vi vil følgja deg attende til folket ditt.» 11 Men Noomi sa: «Vend attende, døtrene mine! Kvifor vil de følgja med meg? Skulle eg enno føda søner de kan få til menn? 12 Vend attende, døtrene mine, gå no! Eg er for gammal til å gifta meg att. Og sjølv om eg tenkte at eg enno har von, ja, om eg alt i natt fekk ein mann og så fødde søner, 13 skulle så de venta til dei vart vaksne? Skulle de stengja dykk inne og leva utan menn? Nei, døtrene mine! Det er mykje bitrare for meg enn for dykk, for det er meg Herrens hand har råka.» 14 Då tok dei til å gråta att, og Orpa kyste svigermor si til avskil. Men Rut klyngja seg til henne. 15 Då sa Noomi: «Sjå, no vender svigerinna di attende til folket sitt og guden sin. Vend attende, du òg. Følg henne!» 16 Men Rut svara: «Tving meg ikkje til å skiljast frå deg og venda attende, for:

Der du går, vil eg gå,

og der du bur, vil eg bu.

Ditt folk er mitt folk,

og din Gud er min Gud.

17 Der du døyr, vil eg døy,

og der vil eg bli gravlagd.

Måtte Herren la det gå meg ille

både no og sidan

om noko anna enn dauden

skal skilja meg frå deg!»

18 Då Noomi såg at ho stod fast på sitt og ville vera med henne, tala ho ikkje meir til henne om det.

19 Så gjekk dei vidare til dei kom til Betlehem. Og då dei kom dit, vart det oppstyr i byen for deira skuld, og kvinnene sa: «Er dette Noomi?» 20 Men ho sa til dei: «Kall meg ikkje Noomi! Kall meg heller Mara! For Den veldige har gjort livet beiskt for meg. 21 Rik drog eg bort, fattig har Herren late meg venda attende. Kvifor kallar de meg Noomi når Herren har vitna mot meg, og når Den veldige har late det gå meg så ille?»

22 Så kom då Noomi heim att, og sonekona, moabittkvinna Rut, var med henne då ho vende attende frå slettelandet i Moab. Dei kom til Betlehem då bygghausten byrja.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.