Gå til forsiden

Tobit

1

Innleiing

1 Boka med forteljingane om Tobit, son til Tobiel, til Hananiel, til Aduel, til Gabael, til Rafael, til Raguel, av slekta til Asiel av Naftali-stammen. 2 Medan Salmanassar var konge over assyrarane vart han ført bort som fange frå Tisbe, som ligg sør for Kydios-Naftali i Øvre Galilea, ovanfor Asser, nedanfor vegen mot vest, nord for Fogor.

Tobit fortel om livet sitt

3  Eg, Tobit, har alle mine levedagar gått på sannings og rettferds vegar. Mange velgjerningar har eg gjort mot brørne mine og folket mitt som vart førte bort som fangar saman med meg til Ninive i assyrarlandet. 4  Då eg var ung og var i heimlandet mitt, på Israels jord, braut heile stammen til far min Naftali med Davids hus og med Jerusalem, byen som er vald ut mellom alle stammane i Israel for at alle skulle ofra der. Og tempelet der Gud har sin bustad, vart helga og oppført der for alle slekter til evig tid. 5  Alle brørne mine og slekta til far min Naftali ofra til kalven, den som Jereboam, Israels konge, hadde fått laga i Dan. Dei ofra på alle fjella i Galilea. 6  Eg var den einaste som ofte reiste til Jerusalem under festdagane, slik det er skrive ned for heile Israel som ei evig ordning. Eg skunda meg av stad til Jerusalem med offergåvene, med førstegrøda, med tienda av buskapen og med den første ulla frå sauene. 7 Dette gav eg til prestane, til Arons søner, som offergåver, og eg gav tienda av kornet og vinen og oljen, av granatepla og fikenane og dei andre fruktene til Levi-sønene som gjorde teneste i Jerusalem. Den andre tienda løyste eg kvart år inn i sølv dei seks åra. Så drog eg opp til Jerusalem og brukte pengane der. 8 Eg gav tienda til foreldrelause, til enkjer og til innvandrarar som hadde slutta seg til israelittane. Eg tok henne med og delte henne ut kvart tredje år, og vi åt ifølgje forskriftene som er gjevne om dette i Moselova, og etter boda frå Debora, mor til Ananiel, far vår, sidan eg vart foreldrelaus då far min døydde.

9  Då eg vart ein vaksen mann, tok eg meg ei kone av slekta til far vår. Med henne fekk eg ein son som eg gav namnet Tobias. 10  Eg vart ført som fange til Assyria, og under fangenskapet kom eg til Ninive. Alle brørne mine og alle av slekta mi åt same mat som folkeslaga. 11  Men eg vara mi sjel og åt ikkje av maten til folka. 12 Og fordi eg tenkte på Gud med heile mi sjel, 13  gav Den høgste meg nåde og velvilje hos Salmanassar. Det var eg som skulle kjøpa inn alt han trong, 14 og heilt fram til han døydde, reiste eg og handla for han i Media. Der gav eg sekker med ti talentar sølv til forvaring hos Gabael, bror til Gabri. 15 Men då Salmanassar døydde og son hans, Sanherib, tok over som konge, vart det så farleg langs vegane i Media at eg ikkje kunne fara dit.

Tobit gravlegg dei døde

16 I Salmanassars dagar gjorde eg mange velgjerningar mot brørne i slekta mi. 17 Eg gav maten min til dei svoltne, og eg gav klede til dei nakne, og om eg såg ein død mann av mitt folk liggja slengd utanfor murane i Ninive, gravla eg han. 18 Eg gravla òg dei som Sanherib drap då han flykta frå Judea. For då himmelens herskar straffa han fordi han hadde kome med spott, vart han rasande og drap mange israelittar. Eg stal lika deira og gravla dei. Sanherib leita etter dei, men fann dei ikkje. 19 Men ein mann frå Ninive gjekk til kongen og fortalde at det var eg som gravla dei og gøymde dei. Då eg fekk kjennskap til at kongen visste om meg og leita etter meg for å ta livet av meg, vart eg redd og flykta. 20 Alt eg eigde, vart teke, eg hadde ingenting att, det var ikkje noko som ikkje vart inndrege i kongeleg eige utanom kona mi, Anna, og son min, Tobias. 21 Men det gjekk ikkje eingong førti dagar før kongen vart drepen av dei to sønene sine. Dei flykta til Ararat-fjellet, og sonen Asar-Haddon tok over som konge etter han. Han sette inn Ahikar, son til Anael, bror min, over alle finansane i riket og til å ta hand om heile statsforvaltinga. 22 Ahikar tala mi sak, og eg vende attende til Ninive. Under assyrarkongen Sanherib hadde Ahikar vore fremste munnskjenk, og han hadde hatt kontroll over signetringen og over forvaltinga og finansane, og Asar-Haddon sette no inn Ahikar som nummer to i rang. Han var brorson min, ein nær slektning av meg.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.