Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tobit

11

Heimkoma

1 Då dei nærma seg Kaserin som ligg like ovanfor Ninive, 2 sa Rafael til Tobias: «Du veit korleis det stod til med far din då vi forlét han. 3 Lat oss reisa i førevegen før kona di og gjera huset klart til dei andre kjem.» 4  Dei gjekk i veg i lag, og Rafael sa til Tobias: «Ha galleblæra for handa.» Og hunden følgde etter, eit stykke bak.

5  Anna sat og stirte nedetter vegen der son hennar hadde gått. 6 Då ho fekk sjå at han kom gåande, ropa ho til far hans: «Sjå, der kjem son din, og mannen som reiste saman med han òg.» 7 Og Rafael sa til Tobias, før han kom heilt borttil far sin: «Eg veit at auga hans vil bli opna. 8 Smør fiskegallen på auga hans. Då vil lækjemiddelet få dei kvite skorpene til å skrumpa inn og falla av. Far din vil få synet att og sjå dagslyset.»

Tobit får synet att

9  Anna sprang mot son sin, kasta seg om halsen på han og sa: «No har eg sett deg, barn, no kan eg døy!» Og ho brast i gråt. 10 Tobit reiste seg og snåva ut gjennom døra til gardsrommet. Tobias gjekk mot han 11 med fiskegallen i hendene. Han bles på auga til far sin, tok rundt han og sa: «Ver roleg, far!» Så smurde han lækjemiddelet på auga hans og lét det vera på ei stund. 12  Med begge hender byrja han ta vekk skorpene frå augekrokane hans. 13  Faren fall om halsen på han, 14 gret og sa: «Eg kan sjå deg, barn, du er lyset i auga mine.» Så sa han:

Velsigna vere Gud,

og velsigna vere hans store namn!

Velsigna vere alle hans heilage englar.

Måtte hans store namn vere over oss,

og velsigna vere alle englar i all æve!

15 For han slo meg,

men no ser eg Tobias, son min.»


Tobias kom inn. Han var fylt med glede og lovprisa Gud av full hals. Han fortalde far sin at reisa hadde gått bra, at han hadde med seg pengane og at han hadde teke med Sara, dotter til Raguel, som kone. «Sjå, ho kjem snart», sa han. «Ho er like utanfor porten til Ninive.» 16 Og Tobit gjekk ut for å møta brura til Tobias, han var fylt med glede og velsigna Gud attmed porten til Ninive.

Då folk i Ninive såg Tobit koma gåande og stega av garde med full kraft, utan at nokon heldt han i handa, undra dei seg. 17 Men framfor dei alle lovprisa Tobit Gud, som hadde miskunna seg over han og opna auga på han. Då han møtte Sara, sonekona si, velsigna han henne og sa: «Ver velkomen, dotter! Velsigna vere din Gud som har ført deg til oss, dotter! Velsigna er far din og Tobias, son min, og velsigna er du sjølv, dotter. Gå inn i huset ditt frisk og glad, med velsigning og glede. Velkomen, dotter!» Den dagen vart det glede mellom alle jødar i Ninive. 18 Også Ahikar og Nabal, brorsønene til Tobit, kom og gledd seg med han.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.