Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tobit

12

Rafael fortel kven han er

1 Då bryllaupsfesten var over, kalla Tobit son sin, Tobias, til seg og sa til han: «Barn, sjå til at du gjev løn til mannen som reiste saman med deg, og at du legg på litt ekstra til han.» 2  Han svara: «Far, kor mykje skal eg gje han i løn? Eg blir ikkje råka av naud om eg gjev han halvparten av det eg eig, det han førte attende hit saman med meg. 3 Meg førte han frisk attende, kona mi lækte han, pengane frakta han saman med meg – og han lækte deg òg.» 4 Tobit sa: «Det er rettferdig, barn, at han får halvparten av det han hadde med seg hit.» 5 Tobias kalla på Rafael og sa: «Ta som løn halvparten av alt du hadde med deg hit, og reis frisk av garde.»

6 I løynd kalla Rafael til seg dei to og sa: «Velsign Gud og lovpris han framfor alt som lever, for alt det gode han har gjort mot dykk. Lovsyng og velsign hans namn! Orda frå Gud skal de syna fram til alle menneske på verdig vis, og de skal ikkje dryga med å lovprisa han. 7  Det er vel og bra å halda løyndomane til kongen løynde, men Guds gjerningar skal de avdekkja og vedkjenna på verdig vis. Gjer det gode, så skal ikkje det vonde finna dykk. 8  Heller bøn i sanning og miskunn med rettferd, enn rikdom med urettvise. Det er betre å gjera velgjerningar enn å samla seg gull. 9  Miskunn bergar frå døden og reinsar for all synd. For dei som gjer velgjerningar, skal bli metta med liv. 10 Dei som gjer synd og urett, er fiendar av si eiga sjel.

11 Eg skal syna dykk heile sanninga og slett ikkje halda noko skjult for dykk. For eg har forklart det for dykk allereie, då eg sa: ‘Det er vel og bra å halda løyndomane til kongen løynde, men Guds gjerningar skal de avdekkja, til hans ære'. 12  No altså: Då de bad, du og Sara, var det eg som bar påminninga om bøna dykkar fram for Herrens herlegdom; det same gjorde eg då du gravla dei døde. 13  Då du ikkje drygde med å reisa deg frå måltidet og la det beste stå att, men gjekk av garde og dekte over den døde, 14  då vart eg send til deg for å prøva deg. Og Gud sende meg òg for å lækja deg og Sara, sonekona di. 15 Eg er Rafael, ein av dei sju englane som står klare og stig fram for Herrens herlegdom.»

16  Då vart dei skaka begge to og fall med andletet mot jorda, slegne av redsle. 17 Men Rafael sa til dei: «Ver ikkje redde, fred vere med dykk! Velsign Gud i all æve! 18 For då eg var med dykk, var det ikkje på grunn av mi eiga forteneste, men ved Guds vilje. Velsign han all dykkar dag! Han skal de lovsyngja. 19 Eg åt ingenting då de granska meg, men for dykkar blikk såg det ut som om eg gjorde det. 20 Og no skal de velsigna Herren på jorda og takka Gud. Sjå, eg stig opp til han som sende meg. Skriv ned alt dette som har hendt dykk.» Og så steig han opp. 21  Dei reiste seg. Dei kunne ikkje sjå han lenger. 22 Dei velsigna Gud og song lovsongar. Dei takka han for desse store gjerningane hans, for at ein Guds engel hadde synt seg for dei.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.