Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tobit

2

Ulukkene til Tobit

1 Medan Asar-Haddon var konge, vende eg heim. Eg fekk attende kona mi, Anna, og son min, Tobias. Under pinsefesten vår, den som blir kalla den heilage vekefesten, vart det laga i stand eit godt måltid til meg, og eg slo meg ned for å eta. 2  Bordet vart dekt for meg, og det vart ført fram talrike retter. Då sa eg til son min, Tobias: «Gå ut, guten min, og sjå om du kan finna ein fattig mann blant brørne våre, dei bortførte i Ninive, ein som tenkjer på Gud med heile sitt hjarte. Ta han med hit, slik at han kan eta saman med meg. Og sjå, eg ventar på deg, guten min, til du er attende.»

3 Tobias gjekk av stad for å leita etter ein fattig blant brørne våre. Men han kom attende og sa: «Far!» Eg svara: «Her er eg, guten min», og han sa: «Veit du, far, ein av folket vårt har vorte drepen og kasta ut på torget. No ligg han der, kvelt.» 4 Eg sprang opp og forlét måltidet før eg hadde smaka på maten, for å ta mannen bort frå den opne plassen. Eg fekk lagt han inn i eit skur fram til sola gjekk ned; då kunne eg gravleggja han. 5 Eg gjekk heim, vaska meg og åt maten min i sorg. 6  Eg mintest orda frå profeten Amos mot Betel:

«Festane dykkar gjer eg til sorg

og alle songane til likklage.»

Og eg gret.

7 Då sola hadde gått ned, gjekk eg og grov ei grav og la han der. 8  Naboane mine flirte og sa: «No er han visst ikkje redd for noko. Han var ettersøkt og dødsdømd på grunn dette, og då flydde han. Men no er han i gang att med å gravleggja dei døde!»

Tobit blir blind

9 Same natta vaska eg meg og gjekk ut i garden og la meg til å sova ved gardsmuren. På grunn av varmen var andletet mitt ikkje dekt til. 10 Men eg visste ikkje at det var sporvar som heldt til i muren over meg. Den varme skiten frå dei sette seg fast i auga på meg og laga kvite flekker. Eg gjekk til fleire legar for å bli frisk, men dess fleire salvar dei smurde på auga mine, dess verre vart synet mitt på grunn av dei kvite flekkene. Til slutt var eg heilt blind. I fire år var eg utan syn, og alle brørne mine hadde vondt av meg. Ahikar sørgde for meg i to år, heilt til han drog til Elam.

11 I denne tida tente kona mi, Anna, pengar på slikt handarbeid som kvinner gjer. 12 Ho leverte til oppdragsgjevarane sine, som gav henne løn for arbeidet. Den sjuande dagen i månaden dystros klipte ho ned eit vevstykke og sende til oppdragsgjevarane sine. Dei gav henne full betaling og dessutan eit kje frå geiteflokken sin, som ho fekk ta med heim. 13 Då ho kom heim til meg, byrja kjeet å breka. Eg ropa på henne og sa: «Kvar kjem dette kjeet frå? Det er vel ikkje stole? Gjev det attende til eigarane, vi har ingen rett til å eta noko som er stole.» 14  Ho sa til meg: «Eg fekk det i gåve attåt løna.» Eg trudde henne ikkje og bad henne gje kjeet attende til eigarane. Eg vart raud av skam over henne på grunn av dette. Då svara ho: «Og kvar er velgjerningane dine? Kvar er dei rettferdige gjerningane dine? No kjem det fram korleis det er med deg!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.