Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tobit

4

Tobit formanar Tobias

1 Den dagen hugsa Tobit på pengane han hadde gjeve til forvaring hos Gabael i Rages i Media. 2 Han sa til seg sjølv: «Eg har bede om å få døy, men bør eg ikkje kalla Tobias, son min, hit og gje han bod om desse pengane før eg døyr?» 3  Så kalla han til seg Tobias, son sin. Då han kom inn, sa han til han: «Gravlegg meg på beste vis, heidra mor di og gå ikkje frå henne så lenge ho lever. Gjer det som er best i hennar auge og gjer henne ikkje sorgtung til sinns på noko vis. 4  Hugs alle farane ho for di skuld utsette seg for medan du låg i magen hennar. Når ho døyr, skal du gravleggja henne ved sida av meg i ei og same grav.

5 Og kvar dag, barn, hugs på Herren og vakt deg for å synda og bryta bodet hans. Gjer rettvise handlingar alle dine levedagar og følg ikkje urette vegar. 6  For dei som gjer sanninga, skal lukkast i sitt arbeid. Og til alle som gjer rettferd, 7 *skal du gje av det du eig. Lat ikkje auget ditt visa uvilje når du gjev til dei fattige. Du skal ikkje venda andletet bort frå nokon fattig, då skal Gud aldri venda andletet bort frå deg. 8 Gjev av det du har. Har du mykje, så gje av det. Har du lite, så ver heller ikkje redd for å gje av det. 9  Slik samlar du deg ein god skatt for naudsdagen, 10  for gåver til fattige frir frå døden og hindrar at ein går inn i mørkret. 11  Ei gåve til fattige er ei god offergåve for alle som gjev dei framfor Guds andlet.

12 Vakta deg, barn, for allslags hor. Framfor alt skal du ta deg ei kone frå slekta til fedrane dine. Ta ikkje ei framand kvinne som ikkje er av stammen til far din, for vi er born av profetar, av Noah, Abraham, Isak og Jakob, våre fedrar frå gammal tid. Hugs, barn, at dei alle tok seg koner frå si eiga slekt, og dei vart velsigna i borna sine, og etterkomarane deira skal arva landet. 13  Og no, barn, elsk brørne dine! Ver ikkje hovmodig i hjartet, så du vender deg bort frå desse som er søner og døtrer til folket ditt, men ta deg ei kone blant dei. For hovmod fører til øydelegging og stor forvirring, og gagnløyse fører til audmjuking og djup fattigdom. Ja, gagnløyse er mor til svolten.

14  Hald ikkje løna tilbake når nokon arbeider for deg. Gjev ut med det same, og om du tener Gud, skal du få di løn. Gjev akt på deg sjølv, barn, i alt du gjer, og syn i all di ferd at du er vel oppdregen. 15  Gjer ikkje mot andre det du sjølv hatar. Drikk ikkje så mykje vin at du blir full, og lat ikkje fyll slå følgje med deg på vegen. 16  Del brødet ditt med den som svelt og kleda dine med dei som er nakne. Gjev til dei fattige alt du har til overs, og lat ikkje auget ditt visa uvilje når du gjev.

17 Gjev rikeleg av brødet ditt ved grava til dei rettferdige, men gje ikkje noko til syndarar. 18  Be kvart klokt menneske om råd; forakt ikkje eit råd som er godt. 19  Og til kvar tid skal du velsigna Herren, din Gud, og be til han, så dine vegar må vera rette og dine stigar og dine planar må føra fram. For ikkje noko folkeslag veit råd.• Herren skal gje dei eit godt råd, og dei Herren vil, audmjukar han heilt til dødsriket, djupt nede. Og no, barn, må du hugsa desse boda og ikkje viska dei bort frå hjartet ditt.

20  Barn, no skal eg fortelja deg at eg har lagt ti sølvtalentar til forvaring hos Gabael, son til Gabri, i Rages i Media. 21  Bli ikkje skremd, barn, av at vi er fattige. For du eig mykje godt om du fryktar Gud, held deg borte frå all synd og gjer det som er godt for Herren din Guds andlet.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.