Gå til forsiden

Tobit

5

Reisa blir førebudd

1 Tobias sa til Tobit, far sin: «Alt du har pålagt meg, far, vil eg gjera. 2 Men korleis skal eg kunna få noko frå han når han ikkje kjenner meg, og eg ikkje kjenner han? Kva slags teikn skal eg gje han, så han kan skjøna kven eg er, og få tiltru til meg og gje meg pengane? Eg er heller ikkje kjend på vegane som fører til Media.» 3  Tobit svara og sa til Tobias, son sin: «Han gav meg eit dokument med si underskrift, og eg gav han eit dokument med mi. Eg delte dokumentet i to, og kvar av oss fekk ein del. Den andre delen la eg saman med pengane. Tenk at det allereie er tjue år sidan eg gav pengane i forvaring! No, barn, må du finna deg eit påliteleg menneske som kan fara saman med deg. Vi skal gje han løn til du kjem attende. Men hent no pengane hos Gabael!»

4  Så drog Tobias i veg for å finna nokon som var villig til å fara saman med han til Media, og som var godt kjend med vegen dit. Han gjekk ut, og der stod Rafael, engelen, rett framfor han. Men han visste ikkje at det var ein Guds engel. 5 Tobias sa til han: «Kvar kjem du ifrå, unge mann?» Han svara: «Frå israelittane, brørne dine, og eg er komen hit for å finna arbeid.» «Kjenner du vegen til Media?» spurde Tobias. 6 Engelen svara: «Ja, der har eg ofte vore; eg er godt kjend, og kan alle vegane dit. På mine mange reiser til Media brukte eg å ta inn hos Gabael, bror vår. Han bur i Rages i Media. Mellom Ekbatana og Rages er det to heile dagsreiser, for Rages ligg oppe i fjella og Ekbatana midt ute på sletta.» 7  Tobias sa til han: «Vent på meg, unge mann, medan eg går inn og fortel dette til far min. For eg treng deg som reisefølgje, og eg skal gje deg løn.» 8 «Ja, eg ventar», svara Rafael, «men dryg ikkje for lenge.»

9 Tobias gjekk inn og fortalde Tobit, far sin, om det som hadde hendt. Han sa: «Sjå, eg har funne ein mann, ein av brørne våre, ein av israelittane!» Då sa faren: «Rop denne mannen inn til meg, så eg kan få vita kva for slekt han kjem frå, og kva for stamme han er frå, og om han er påliteleg, så han kan fara saman med deg, barnet mitt.»

Tobit møter engelen Rafael

10 Då gjekk Tobias ut og ropa på han: «Unge mann, far bed deg om å koma inn!» Rafael gjekk inn til han. Tobit helsa først, og Rafael svara: «Hell og lukke vere med deg!» «Har vel eg lenger noko hell og lukke?» spurde Tobit, «eg er ein mann med kraftlause auge, eg ser ikkje lenger lyset frå himmelen. I mørkret ligg eg, som dei døde som ikkje lenger kan skimta lyset. Levande er eg mellom dei døde! Eg høyrer røysta frå menneske, men eg ser dei ikkje.» Rafael sa: «Ver ved godt mot, Gud skal snart gjera deg frisk. Ver ved godt mot!» Tobit svara: «Tobias, son min, vil gjerne fara til Media. Kunne du fara saman med han og syna vegen? Då skal eg gje deg løn, bror.» «Eg kan fara saman med han», svara Rafael. «Eg kjenner alle vegane dit. Eg har vore i Media mange gonger, og eg har kryssa alle slettene der; både i fjellandet og på alle hovudvegane er eg kjend.» 11 Tobit sa: «Bror, kva familie kjem du frå, og kva stamme høyrer du til? Fortel, bror!» 12  «Kvifor er stammen så viktig for deg?» spurde Rafael. Tobit svara: «Eg ønskjer å vita sikkert kven du er, bror, og kva som er namnet ditt.» 13 Engelen svara: «Eg er Asarja, son til den store Ananias, ein av brørne dine.» 14  Då sa Tobit til han: «Ver helsa og velkomen, bror! Ikkje bli sur på meg, bror, fordi eg ville vita noko sikkert om familien din. Det syner seg no at du er ein bror, av godvakker ætt. Eg kjenner Ananias og Natan, dei to sønene til den store Semelios. Dei brukte å fara til Jerusalem saman med meg for å tilbe der. Dei lét seg aldri føra vill. Brørne dine er gode menneske, du er av god rot. Velkomen skal du vera!» 15 Og han heldt fram: «Eg gjev deg ein drakme i dagløn, og i tillegg dekkjer eg kostnadene til alt du treng, og på same måten med son min. Dra av garde saman med son min, 16  så skal eg leggja på løna di.» Rafael svara: «Eg skal dra saman med han. Ver ikkje redd! Friske skal vi dra, og velberga skal vi koma attende, for vegen er trygg.» 17  «Måtte velsigning følgja deg, bror!» sa Tobit. Så kalla han son sin til seg og sa til han: «Barn, gjer i stand det du treng til reisa og dra av stad saman med bror din. Gud i himmelen vare dykk på reisa og føre dykk trygt attende til meg. Hans engel vere med dykk på vegen og verne dykk, barnet mitt!»

Avskilet

Tobias gjekk ut for å ta fatt på reisa. Han kyste far sin og mor si, og Tobit ønskte han god reise.

18 Då byrja mor hans gråta. Ho sa til Tobit: «Kvifor sender du barnet mitt bort? Er han ikkje støttestaven vår så lenge han går inn og ut her hos oss? 19 Lat ikkje pengar og meir pengar koma først, det er berre skrap samanlikna med barnet vårt! 20 Det Herren har gjeve oss å leva for, er nok for oss.» 21 Han svara henne: «Uroa deg ikkje! Frisk skal son vår vera på reisa, og velberga skal han koma attende til oss. Det skal du få sjå med eigne auge den dagen han vender trygt attende til deg. Uroa deg ikkje! Ver ikkje engsteleg for dei, syster. 22 For ein god engel skal gå saman med han. Reisa hans skal lukkast, og han skal koma trygt tilbake.»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.