Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tobit

6 1 Då slutta ho å gråta.

Den store fisken

2  Guten drog av stad, og engelen drog saman med han. Hunden følgde òg etter han og vart med dei på reisa. So tok dei i veg saman. Då første natta fall på, slo dei seg ned ved elva Tigris. 3 Guten gjekk ned for å vaska føtene i Tigris-elva. Då spratt det ein stor fisk opp av vatnet og ville sluka foten til gutungen. Han skreik opp. 4 Men engelen sa til gutungen: «Grip tak i fisken og hald han fast!» Og gutungen tok tak i fisken og fekk han opp på land. 5 «Sløy fisken», sa engelen, «og ta ut galleblæra, hjartet og levra. Legg dei ved sida av deg og kast resten av innvolane. For galleblæra, hjartet og levra til fisken kan koma til nytte som lækjemiddel.» 6 Og gutungen sløgde fisken og tok vare på galleblæra, hjartet og levra. Så steikte han noko av fisken og åt; resten tok han vare på og salta. Sidan heldt dei fram på reisa i lag, til dei var i nærleiken av Media. 7 Då spurde gutungen engelen: «Bror Asarja, korleis kan galleblæra, hjartet og levra frå fisken nyttast som lækjemiddel?» 8 Han svara: «Om du brenner hjartet og levra til fisken og lèt røyken stiga opp nær ein mann eller ei kvinne som er plaga av ein demon eller ei vond ånd, då vil all plage fly frå dei og halda seg borte frå dei for all framtid. 9  Gallesafta kan du smørja på auga til eit menneske som har fått kvite flekker på dei. Blås på dei, på dei kvite flekkene, då vil dei bli friske att.»

Rafael gjev råd til Tobias

10 Så reiste dei inn i Media og nærma seg byen Ekbatana. 11 Då seier Rafael til gutungen: «Bror Tobias!» «Ja, her er eg», svara han. Engelen sa: «I natt må vi ta inn hos Raguel. Han er slektning av deg og har ei dotter som heiter Sara. 12  Han har ingen mannleg etterkomar og inga anna dotter enn Sara. Sidan du er den næraste slektningen hennar, har du som arving større rett enn andre til å gifta deg med henne og gjera krav på å få arva eigedomen til far hennar. Jenta er fornuftig og modig, og svært vakker. Far hennar er også vakker.» 13 Og han heldt fram: «Det er altså rett at du tek henne. Høyr, bror: I kveld skal eg snakka med far hennar om jenta, slik at vi skal kunna ta henne til brur for deg. Så snart vi vender attende frå Rages, kan vi halda bryllaup for henne. Eg er viss på at Raguel ikkje vil nekta deg Sara, eller lova henne bort til ein annan mann, for då vil han gjera seg skuldig i dødsstraff etter vedtekta i Moseboka. Han veit godt at du som arving har større rett enn alle andre menn til å få dotter hans. Så høyr no på meg, bror! I kveld skal vi snakka om jenta og festa henne til deg. Når vi vender attende frå Rages, tek vi henne med oss og fører henne heim til ditt hus.»

14  Då sa Tobias til Rafael: «Bror Asarja! Eg har høyrt at ho allereie har vore gjeven bort i ekteskap til sju menn, og at dei døydde i brurekammeret hennar om natta. Når dei gjekk inn til henne, fall dei døde om. Eg har høyrt folk seia at det var ei vond ånd som drap dei. 15  No er eg redd – for sjølv om ånda ikkje gjer noko gale mot henne, drep ho kvar og ein som ønskjer å nærma seg jenta. Eg er einaste son til far min! Eg vil ikkje døy og senda far min og mor mi i grava med smerte på grunn av meg. Og dei har ingen annan son til å gravleggja dei.»

16  Rafael svara: «Kjem du ikkje i hug kva far din la deg på sinne? Han påla deg å ta deg ei kone frå familien til far din. Høyr på meg, bror! Tenk ikkje meir på denne ånda, men ta henne til ekte. Eg veit at du i denne natt skal få henne til kone. 17 Og når du kjem inn i brurekammeret, skal du ta eit stykke av levra til fisken, og hjartet, og leggja på glørne i røykjelseskaret, slik at lukta spreier seg. 18  Så snart den vonde ånda kjenner lukta, vil ho flykta og aldri meir syna seg i nærleiken av henne att. Og når det kjem til at du skal liggja med henne, skal de begge først stå opp og be. Bønfall himmelens Herre om at han skal vera miskunnsam og gje dykk frelse. Frykt ikkje, det vart fastsett før all tid at ho skulle vera for deg. Du skal frelsa henne, og med deg skal ho dra av stad. Eg trur sikkert at du skal få barn med henne, og at dei skal bli som brør for deg. Så ver ikkje uroleg!»

Då Tobias høyrde Rafael seia dette og forstod at Sara var ei syster av same ætta som familien til far hans, vart han veldig forelska i henne. Og hjartet hans feste seg ved henne.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.