Gå til forsiden

Tobit

7

Tobias og Rafael kjem til Raguel

1 Då Tobias gjekk inn i byen Ekbatana, sa han til engelen: «Bror Asarja, før meg rett til Raguel, bror vår!» Og engelen førte han til Raguels hus. Der fann dei Raguel, han sat ved porten til gardsplassen. Dei helsa han først, og Raguel svara: «Ver helsa og velkomen, brør, de er komne vel fram og utan skade!» Så tok han dei med inn i huset sitt. 2 Han sa til kona si, Edna: «Så lik denne unge mannen er Tobit, bror min!» 3  Edna spurde dei: «Kvar er de frå, brør?» Dei svara henne: «Vi er av sønene til Naftali, dei som lever i fangenskap i Ninive.» 4 «Kjenner de Tobit, bror vår?» spurde ho. «Ja, visst kjenner vi han», svara dei. «Står det bra til med han?» spurde ho vidare. 5 «Ja», svara dei, «han lever framleis og er ved god helse.» «Tobit er far min», la Tobias til. 6  Då sprang Raguel opp og kyste han og braut ut i tårer, 7 og sa: «Måtte velsigning vera med deg, du barn av ein slik godvakker far! Å, kva frykteleg liding det er at ein rettvis mann som stadig gjer velgjerningar, skulle bli blind!» Så fall han om halsen på Tobias, bror sin, og gret. 8 Også Edna, kona hans, gret over Tobit, og Sara, dotter deira, gret ho òg. 9 Raguel slakta ein vêr og tok imot dei med stor gjestmilde.

Tobias får Sara til kone

Då dei hadde bada og vaska seg og skulle setja seg til bords, sa Tobias til Rafael: «Bror Asarja, sei til Raguel at han skal gje meg Sara, syster mi, til kone.» 10 Men Raguel høyrde dette og sa til guten: «Et og drikk og ver lystig i kveld. Ingen annan enn du, bror min, har rett til å gifta seg med dotter mi, Sara. Eg kan ikkje la nokon andre enn deg ta henne til ekte, for du er min næraste. Men eg må seia deg sanninga, gut. 11  Eg har allereie gjeve henne til sju menn som også var mellom brørne våre, og alle som ein døydde dei den natta dei gjekk inn til henne. Men no, barn, et og drikk! Herren vil gripa inn og vera med dykk.» Men Tobias sa: «Nei, eg vil ikkje eta og drikka før du vil stadfesta kva som høyrer meg til.» Raguel svara: «Det skal eg gjera! Ho er gjeven deg slik Moseboka føreskriv. Også frå Himmelen er det fastsett at ho skal bli gjeven til deg. Så ta godt imot syster di! Frå no av er du bror hennar, og ho er syster di. Ho er gjeven deg frå i dag og for alle tider. Og barn, måtte Herren i himmelen leia dykk vel i natt! Måtte han la miskunn og fred kvila over dykk!»

12  Raguel kalla til seg Sara, dotter si. Ho kom til han, og han tok henne ved handa og gav henne over til Tobias. Raguel sa: «Ta imot henne, slik det står i lova, og i bodet som er skrive i Moseboka, at ho skal bli gjeven deg til ekte. Ta henne og reis trygt attende til far din. Måtte himmelens Gud leia dykk og gje dykk fred!» 13  Han kalla også på mor hennar og bad henne henta ein skriftrull. Der skreiv han ein avtale om samlivet og stadfeste at han gav henne til Tobias som kone etter forskrifta i Moselova. 14  Så byrja dei eta og drikka.

15 Raguel kalla til seg kona si, Edna, og sa til henne: «Syster, gjer i stand kammeret og før jenta inn dit.» 16 Ho gjekk av stad til kammeret og reidde opp der, slik han hadde bede om. Så førte ho med seg Sara dit og braut ut i gråt over henne. Ho tørka bort tårene og sa til henne: 17 «Ver ved godt mot, dotter mi. Måtte himmelens Herre gje deg glede i staden for sorg. Ver ved godt mot, dotter mi.» Så gjekk ho ut av rommet.

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.