Iran: Kristne ønsker nytestamenter
Gi sammenEt NT koster 33 kroner
Gå til forsiden

Tobit

8

Den vonde ånda vart driven vekk

1 Då dei var ferdige med å eta og drikka, ville dei gå og leggja seg. Foreldra førte den unge Tobias av stad til kammeret. 2  Då kom Tobias på kva Rafael hadde sagt. Han tok levra og hjartet frå fisken opp av sekken der han hadde det, og la det på glørne i røykjelseskaret. 3 Fiskelukta heldt ånda attende, og ho sprang bort, heilt til det fjerne Egypt. Men Rafael drog etter og batt henne på hender og føter og gjorde henne hjelpelaus med det same.

Tobias bed

4  Så gjekk dei andre ut av kammeret og lét att døra bak seg. Tobias reiste seg frå senga og sa til Sara: «Stå opp, syster, og lat oss kalla på vår Herre og bønfalla han om å la miskunn og frelse kvila over oss.» 5  Ho stod opp, og dei byrja be og bønfalla om at Herren måtte vara dei. Tobias byrja slik:

Velsigna er du, våre fedrars Gud,

og velsigna vere namnet ditt

frå slekt til slekt gjennom alle tider.

Himmelen og heile ditt skaparverk

skal velsigna deg til evig tid.

6 Du skapte Adam,

og for han skapte du ei hjelp og ei støtte,

Eva, kona hans.

Frå dei begge vart menneskeslekta fødd.

Du var den som sa:

«Det er ikkje godt for mannen å vera åleine.

Lat oss skapa ein hjelpar til han,

ein som er hans like.»

7 No tek eg denne mi syster til kone,

ikkje på grunn av kroppsleg attrå,

men i ærlegdom.

Eg bed deg, syn di miskunn

mot meg og mot henne,

og lat oss få bli gamle i lag.

8 Så sa dei begge: «Amen, amen!» 9 og la seg for natta.

Lovsong, ikkje sørgjesong

Men Raguel stod opp og kalla til seg tenarane. Saman gjekk dei av stad og grov ei grav. 10 For han sa: «Kanskje han døyr, han òg, så vi blir til lått og spott.» 11 Då dei var ferdige med å grava, gjekk Raguel inn i huset og ropa på kona si. 12 Han sa: «Send ei av slavejentene og la henne gå inn og sjå om Tobias enno er i live. Om han er død, vil vi gravleggja han utan at nokon får vita om det.» 13 Så sende dei slavejenta av garde. Ho tende lampa og opna døra. Ho gjekk inn og såg at dei låg og sov saman. 14 Då ho kom ut att, fortalde ho dei at Tobias var i live, og at ikkje noko vondt hadde hendt.

15 Dei velsigna himmelens Gud og sa:

Velsigna er du, Gud,

med all rein velsigning!

Dei skal velsigna deg til alle tider.

16 Velsigna er du,

for du har gjort meg lukkeleg.

Det eg frykta, hende ikkje.

I staden har du handla med oss

etter di rike miskunn.

17  Velsigna er du,

fordi du synte miskunn mot dei to,

dei einaste borna til foreldra sine.

Syn dei, Herre, di miskunn og frelse.

Lat dei få leva sitt liv til endes

i glede og miskunn.

18 Så lét Raguel tenarane fylla att grava før daggry.

Bryllaupsfesten

19  Raguel bad kona si baka rikeleg med brød. Sjølv gjekk han bort til buskapen. Han henta to oksar og fire vêrar og baud at dei skulle lagast til. Og dei byrja gjera dei i stand. 20 Så kalla han til seg Tobias og sa til han: «Du må ikkje rikka deg herifrå på fjorten dagar. Du skal vera på denne staden og eta og drikka hos meg. Du skal vera til glede for dotter mi, som har halde ut så mykje. 21  Ta så med deg halvparten av alt eg eig, og vend trygt attende til far din. Den andre halvparten er dykkar når eg og kona mi døyr. Ver ved godt mot, barn! Eg er far din, og Edna mor di. Hos deg og syster di, Sara, høyrer vi til frå no av og alltid. Ver ved godt mot, son min!»

Les vår personvernserklæring
Skjemaet er beskyttet av reCAPTCHA og Googles Privacy Policy og Terms of Service gjelder.