Bibelsøk

Søk
Velg oversettelse
Hvor finner jeg...

.

Tilbake til oversikten

Sakarja

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14

< Forrige kapittelNeste kapittel >

Tomme ord og falske syn
10Be Herren om regn
          i tida for vårregnet.
           Herren skaper uvêrsskyer,
          gjev menneska regnskurer
          og vokstrar på marka.
          
   
 2 For terafane har tala tomme ord,
          spåmennene har hatt falske syn
          og fortalt draumar utan innhald.
          Trøysta dei gav, var ingenting verd.
          Difor måtte dei driva omkring som sauer
          og lida naud,
          for dei var utan gjetar.

Israel skal samlast att
     3 Mot gjetarane logar harmen min,
          og bukkane vil eg straffa.
          Men Herren over hærskarane
          vil sjå til flokken sin, Judas hus,
          og gjera dei til sin stolte stridshest.
          
   
 4 Derifrå kjem hjørnesteinen,
          derifrå kjem teltpluggen,
          derifrå kjem stridsbogen,
          derifrå skal kvar herskar koma.
          
   
 5 Dei skal likna heltar i striden,
          trampa fienden ned som søle i gata.
          Dei skal føra krig,
          for Herren er med dei.
          Ryttarane skal bli til skamme.
          
   
 6 Eg vil gjera Judas hus sterkt,
          og Josefs hus bergar eg.
          Eg fører dei tilbake,
          for eg viser dei miskunn.
          Det skal vera
          som om eg aldri hadde støytt dei bort,
          for eg er Herren deira Gud,
          eg skal svara dei.
          
   
 7 Dei skal vera som heltar frå Efraim,
          hjartet deira skal gleda seg som av vin.
          Borna skal sjå det og gleda seg
          og hjarta deira jubla i Herren.
          
   
 8 Eg plystrar på dei og samlar dei,
          for eg friar dei ut.
          Dei skal bli mange,
          slik dei ein gong var.
          
   
 9 Sår eg dei ut mellom folka,
          skal dei minnast meg langt borte.
          Dei skal leva saman med borna sine
          og koma tilbake.
          
   
10 Eg skal føra dei heim att frå Egypt,
          og frå Assur skal eg samla dei.
          Eg skal leia dei til Gilead-landet og Libanon,
          men det finst ikkje nok plass til dei.
          
   
11 Han skal kryssa det opprørte havet
          og slå bølgjene ned.
          Alle djupa i Nilen skal tørkast ut.
          Det Assur er stolt av, skal støytast ned,
          septeret skal vika frå Egypt.
          
   
12 Eg vil gjera dei sterke i Herren,
          og dei skal ferdast i hans namn,
          seier Herren.
< Forrige kapittelNeste kapittel >

28. juni 2022

Dagens bibelord

1. Korinter 9,24–27

Les i nettbibelen

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. ... Vis hele teksten

24Vet dere ikke at på stadion deltar alle i løpet, men bare én får seiersprisen? Løp da slik at dere vinner den! 25Alle som deltar i kamplekene, må nekte seg alt. De gjør det for å vinne en seierskrans som visner, vi for å vinne en som aldri visner. 26Jeg løper derfor ikke uten å ha et mål. Jeg er heller ikke lik en nevekjemper som slår i løse luften. 27Nei, jeg kjemper mot meg selv og tvinger kroppen til å lystre, for at ikke jeg som har forkynt for andre, selv skal komme til kort.